Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Bjørkum

Andreas Bjørkum, dialektforskar. Han forska i indresognsmål og dølemål og skreiv om språket til Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge.

Andreas Bjørkum var fødd i Årdal 30. mars 1932 og døydde 1. april 2014. Han tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1953, vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1962 og dr.philos. i 1974 på avhandlinga Generasjonsskilnad i indresognsmål.
Frå 1973 til 1983 var Bjørkum dosent i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, deretter dosent og professor i målføregransking ved Norsk målførearkiv til han gjekk av for aldersgrensa i 2002. Han forska særleg i indresognsmål og dølemål, skreiv mykje for å spreie kunnskap om dialektane våre og interesserte seg for bruken av målføretilfang hos nynorske forfattarar. Mellom anna skreiv han om språket til Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Inge Krokann og lærdalsdiktaren Kari Bakke. Saman med Jarle Bondevik gav han i 1979 ut boka Dikting og diktarar frå Sogn.
Bjørkum var medlem i Norsk språkråd i perioden 1980–92, oppnemnd av Noregs Mållag, sat i fagnemnda i rådet og var med i utvalet som i 1983 drøfta ordtilfanget i nynorsk. Han var  styremedlem i Venner av Det Norske Teatret og i Riksfondet for nynorsk presse.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl. (red.): Målgranskaren frå Årdal. Heidersskrift til Andreas Bjørkum på 70-årsdagen 30. mars 2002. Oslo 2002
Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Førde 1979
Andreas Bjørkum: Generasjonsskilnad i indresognsmål. Talemålet i industribygdi Årdal og dei fire næraste jordbruksbygdene. Oslo 1974
Andreas Bjørkum: Målformene i bøkene, artiklane og reisebrevi åt Tarjei Vesaas. Hvalstad 2010
Andreas Bjørkum: Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå Olav H. Hauge. Oslo 1998
Jarle Bondevik:  «Andreas Bjørkum til minne». Sogns Avis 9. april 2014
Kjell Venås, Andreas Bjørkum, Alf Hellevik, Magne Rommetveit, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren: Utgreiing om ordtilfanget – tilråding frå ordtilfangsnemnda. Norsk språkråd 1983. Prenta på nytt i Jan Terje Faarlund: Ordtilfanget i nynorsk – synsmåtar og røynsler. Norsk språkråds skrifter, Oslo 1998
Jon Peder Vestad: «Heider som lærar». Norsk Tidend nr. 3/2002
Peikarar

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 22.04.2014