Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Bjørkedal

Anne Bjørkedal, forfattar og healar.

Anne Bjørkedal er fødd 17. juli 1963 på Nordfjordeid og er busett i Bjørkedal i Volda. Ho er utdanna lærar med nordisk og historie i fagkrinsen og har vore journalist ved Høgskulen i Volda (1987–90). Ho arbeidde i tre år som journalist før ho debuterte som forfattar. Ho har drive butikkar med alternative varer og interiørprodukt, og ho arbeider no som kurshaldar, healar, kvinneleg sjaman og klarsynt.
 
Bjørkedal debuterte i 1995 med den modernistiske kollektivromanen Colliculi (lat.). I 1997 kom Hotel Retiro. Romanen blir kalla ein spiralroman, og andre hendingar enn drapet på ei kvinne er vel så viktige for etterforskarane. Dråpen og begeret (1999) er ein gruveroman med handlinga lagd til Karelen og Ungarn. I Ciutadellas system (2003) møter vi ein religiøs mystikar som driv sjelesorg, og fleire unge kvinner blir drepne.
 
Alle romanane hennar byggjer på det mystiske og det åndelege, med utgangspunkt i fantasi og magi, og ho er oppteken av den munnlege forteljetradisjonen.
 
Ho har hatt fleire turnear i skulen i samarbeid med Norsk forfattarsentrum. Bjørkedal fekk Tanums kvinnestipend i 2000.
 
Kjelder
Forfattarside om Anne Bjørkedal, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/B/Anne-Bjoerkedal.aspx [lesedato 12.03.2011]
Anne Lise Jomisko: «Tredje virvar», bokmelding av Dråpen og begeret, dagbladet.no, publisert 20.02.2000, http://www.dagbladet.no/kultur/2000/02/20/195418.html [lesedato 12.03.2011]
Nettstaden til Anne Bjørkedal, http://www.annebjorkedal.com/ [lesedato 12.03.2011] 
 Øystein Rottem: «Virvar med ambisjoner», bokmelding av Colliculi (lat.), dagbladet.no, publisert 15.11.1995, http://www.dagbladet.no/bok_H95/951115-anm-bok1.html [lesedato 12.03.2011]
 

Først publisert: 12.03.2011
Sist oppdatert: 12.11.2018