Anne Bøe er ein norsk forfattar, først og fremst kjent for lyrikken. Ho utfordrar lesaren med uventa og eksperimentelt språk samstundes som bøkene formidlar tydeleg politisk medvit.
Bøe debuterte med diktsamlinga silkestein (1984), som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. I løpet av denne og dei neste bøkene etablerer ho seg som ein kresen og kritikarrost lyrikar. Bøes tekstar i denne tidlege fasen har mellom anna blitt lesne som uttrykk for den utfordringa av etablerte tankemønster som den franske feministiske tenkaren Hélène Cixous har kalla écriture féminine, eller kvinneskrift.
Diktsamlinga krigslogikkene (2001) representerer ei vending i forfattarskapen. Frå og med denne tematiserer dikta gjerne ytre-politiske hendingar og makttilhøve. Der det er vanleg at dikt med slik tematikk har ei endefram kommunikasjonsform, skil Bøe sine tekstar seg ut ved at det eksperimentelle formspråket frå tidlegare i forfattarskapen er vidareført.
I 2022 debuterte Bøe som romanforfatter, med Være til (begynnelser).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.