Hopp til innhold
Pressefoto frå Kulturrådet. Foto: Ole Kristian Trana/ Østlandets Blad
Pressefoto frå Kulturrådet. Foto: Ole Kristian Trana/ Østlandets Blad
X
Innhald

Anne Borg

Anne Borg, tidlegare dansar, ballettsjef og rektor og Noregs første professor i klassisk ballett. 
Anne Borg, fødd 1936, er dansar. Borg var ballettsjef ved Den Norske Opera i 1971–77 og 1983–88, og ho var lektor i klassisk ballett ved Statens balletthøgskule frå 1977 til 1983. I 1990–91 var ho kunstnarisk og administrativ leiar for Carte Blanche. Borg var dessutan rektor ved Statens balletthøgskule mellom 1991 og 1995.
 
Roller ho har hatt er mellom anna Giselle, Sylfiden, Frk. Julie og Odile i Svanesjøen. Anne Borg vart i 2001 utnemnd til professor ved Kunsthøgskulen i Oslo, avdeling Balletthøgskulen, som Noregs første professor i klassisk ballett.
 
Anne Borg vart  tildelt Oslo Bys kunstnerpris i 1978, vart utnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs Orden i 1989 og fekk Senter for dansekunsts Ærespris i 2006. I 2013 fekk ho Kulturrådets ærespris for sitt arbeid for utviklinga av norsk dansekunst.
 
Anne Borg i førestillinga «Coppelia», 25. og 26. april 1952. Anne Borg som Svanhilda i midten. Foto: Oslo Museum CC BY-SA
Anne Borg i førestillinga «Coppelia», 25. og 26. april 1952. Anne Borg som Svanhilda i midten. Foto: Oslo Museum CC BY-SA
 
Kjelder
Mari Johansen: «Æresprisen 2013. Anne Borg», kulturradet.no, publisert 26.9.2013: http://kulturradet.no/aeresprisen/vis-artikkel/-/asset_publisher/L2Gy/content/aeresprisen-2013-anne-borg [lesedato 9.12.2013]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2013
Sist oppdatert: 11.02.2014