Hopp til innhold
Anne Osvaldsdatter Bjørkli. Foto: Kine Hellebust. Nytta med løyve.
Anne Osvaldsdatter Bjørkli. Foto: Kine Hellebust. Nytta med løyve.
X
Innhald

Anne Osvaldsdatter Bjørkli

Anne Osvaldsdatter Bjørkli er forfattar frå Balsfjord i Troms. Bøkene hennar for barn og ungdom tek for seg alvorlege tema, men ofte med ein humoristisk vri.

Anne Osvaldsdatter Bjørkli er fødd 26. januar 1951 i Balsfjord i Troms. I åra 1964–65 var ho elev ved Sand framhaldsskole, frå 1966 til 1969 gjekk ho Balsfjord kommunale realskole, og i 1971 gjekk ho på Moldenæs Handelsskole i Tromsø. Ho var student ved forfattarstudiet i Tromsø i 1993–94. Ved sida av forfattarkarrieren har Bjørkli arbeidd som gardbrukar, kontormedarbeidar, sekretær og konsulent.

Bjørkli debuterte som forfattar i 1991 med barneboka Ei jente for mye? (illustrert av Dagfinn Bakke). Ei jente for mye? tematiserer søskensjalusi og venskap. Handlinga i boka utspelar seg i ei bygd i Nord-Noreg, og replikkane er skrivne på nordnorsk dialekt. Barneboka Ka no, Dokketrine (illustrert av Rita Marhaug) kom i 1995, og i 1998 kom både barneboka Med blåbærsaft på leppene (illustrert av Birgitta Sondresen) og diktsamlinga Mantel. Dikta i Mantel er prega av sanselege bilete, både visuelle, auditive og olfaktoriske (som gjeld lukt). Naturelement som vind, eld og vatn spelar ei sentral rolle i dikta. Biletboka Herr Finkel (illustrert av Anna Fiske) frå 2014 tematiserer eteforstyrringar på ein humoristisk måte.

Bjørkli har òg arbeidd som omsetjar og biletkunstnar. På utstillinga Pussig på papir (2013) stilte ho ut tusjteikningar. Ho har omsett romanen Mens elva sover (When the River sleeps) av Easterine Kire, som kom ut på norsk i 2018.

Bjørkli fekk tildelt Blixprisen i 2012 for biletboka Huskereisa (illustrert av Sissel Horndal). Huskereisa, som tematiserer mobbing blant barn. Det er ei gripande forteljing om korleis Julia opplever å bli halden utanfor. Juryen grunngav tildelinga mellom anna med at Bjørkli her vågar å «ta tak i tema som riv, sjølv om lesaren er ung.»

Kjelder

E‑post frå Anne Osvaldsdatter Bjørkli 6.12.2019

 

Åse Hjelvik: «Dette er stort», Nordlys 26.11.2012

Linda Kaspersen: «Alltid alene. En alvorlig barnebok om et viktig tema», Nordlys 3.12.2009

Tove Myhre: «Bjørkli får Blix-prisen», Nordlys 24.11.2012

Lill-Karin Nyland: «Fryd i fjæra», Nordlys 23.7.2013

 

 

Peikarar

Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Mantel. Stamsund 1998. Tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket, nb.no

Anne Osvaldsdatter Bjørkli: Ei jente for mye? Oslo 1991. Tilgjengeleg hos Nasjonalbiblioteket, nb.no

 

Først publisert: 22.06.2020
Sist oppdatert: 25.06.2020