Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Beinset

Anton Konrad Kristianson Beinset, journalist og redaktør. Han var ein av dei store journalistane i første halvdel av 1900-talet, sa sjølv at han tenkte på dialekt, skreiv på nynorsk og omsette til bokmål, og las korrektur på sin eigen nekrolog.

Beinset var fødd i Aukra 7. januar 1894 og døydde i Oslo 16. desember 1963. Han tok middelskuleeksamen i 1911, og berre 19 år gammal fekk han den første journaliststillinga, i Hordaland Folkeblad i Norheimsund. Etter 17 år som journalist i fire blad og aviser arbeidde han som redaktør i fleire aviser frå 1928 til 1934. I 1936 kom han til Dagbladet, og der blei han verande til 1958.
 
Han publiserte sin gode prosa i fleire format. Dei beste petitkommentarane hans kom ut i bokform, han skreiv ein kriminalroman, og i 1942 samla han ein del vare naturskildringar i den fine novellesamlinga Utapå øya.
 
Bokmål, nynorsk, bokmål
Frå 1915 var han redaksjonssekretær i avisa Sunnhordland på Stord eitt år; først nokre år seinare la avisa om til nynorsk I 1916 reiste han til Oslo for å bli stortingsmedarbeidar i Den17de Mai. Der markerte han seg med sine Venstre-standpunkt og klare målpolitiske meiningar i tolv år.
 
I perioden 1921–24 var han medredaktør saman med Arne Falk i det nynorske vekebladet For Bygd og By, der han m.a. skreiv petitar under pseudonymet Per Skrull.
 
Frå 1928 blei journalisten Beinset ansvarleg redaktør, først i Fædrelandsvennen fram til 1932. Frå no av skriv han mest bokmål, og han var for mykje individualist til å gå i takt med målrørsla. Oppskrifta for den gode teksten tok han vare på livet gjennom. Han sa sjølv at han tenkte på dialekt, skreiv på nynorsk og omsette til bokmål: ”Ein slik prosess driv klisjeane bort som agnene i ein skurtreskar.”
 
Frå Sørlandet retning Dagbladet
Etter åra i Kristiansand var han redaktør i Tunsberg og Horten Blad 1933–34. I eit par år livnærte han seg no mest av å skrive noveller for Magasinet for alle. Frå 1936 kunne så avislesarane finne han under signaturen ”Bein” i Dagbladet. Der blei han den nærmaste medarbeidaren for redaktør Einar Skavlan.
 
Karrieren som politisk journalist fekk eit krigsavbrot i åra 1942–45. Alt i 1941 hadde Beinset vore fengsla ei kort tid, og same hausten prøvde han og andre sentrale medarbeidarar å provosere fram eit forbod mot å gi ut Dagbladet. Våren 1942 fekk Beinset skriveforbod. Han slutta i avisa 17. april 1942, blei nekta opphaldsløyve i Oslo og Aker og reiste heim til Aukra. Der livberga han seg som jordbruksarbeidar og fiskar.
 
I 1945 var han på plass i avisa att, og der blei han verande til han gav seg i 1958.
 
Kommentarar, noveller, petitar
Beisk og rettlinja som han var, treivst han best som forarga kommentator. Beinset såg ofte ingen grunn til å skilje mellom sak og person. Sjarmert som han var av ironiens nådelause brodd, var han betre i polemikk enn i analyse. Likevel hadde stortingsrepresentantar og andre makthavarar respekt for han, sjølv om respekten var blanda med ei uro for kva han skreiv ved neste høve.
 
Utanom novellesamlinga frå 1942 blir han best hugsa som forfattar for petitsamlinga Bak kulissone. Smaa ord um store ting (1924), der Per Skrull kasta mange skråblikk på eigne hjartesaker. I krigsåra gav Beinset ut Ståldraugen (1942) under pseudonymet Ola Berg, og saman med Stein Ståle (Trygve P.E. von Hirsch) skreiv han kriminalromanen Døden går på bedehus (1945). Den er seinare blitt trykt opp att fleire gonger.
 
På sine eldre dagar skapte han under signaturen ”Sir Anthony” den forunderlege romsdølen Gamle-Uri. Med samlinga På naustloftet med Gamle-Uri (1962) sette skribenten Beinset punktum.
 
Korrektur på eigen nekrolog
Den kritiske meiningsjournalisten og den radikale politikaren Beinset var eitt. I nær 50 år arbeidde han i Venstre-aviser; han var Venstres enfant terrible som blei heidersmedlem i Norges Unge Venstre. I åra 1935–39 og 1946–51 var han styremedlem i Oslo Venstre, og i 1945 førstekandidat for Oslo Venstre.
 
Avisredaksjonar skriv gjerne ein del nekrologar på førehand. Det gjorde også Dagbladet då det blei kjent at Beinset hadde sviktande helse. Beinset fekk nyss om at nekrologen var skriven, og tok ein tur til avisa for å lese. Konklusjon: ”Ikke så verst, må bare foreta noen få rettelser.”
 
Kjelder
Ottar Grepstad: ”Anton Beinset”. Norsk biografisk leksikon, bd 1. Oslo 1999
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 26.05.2017