Hopp til innhold
Arne Bjørndal med fela, ukjent år. Foto: Arne Bjørndals samling, Universitetet i Bergen. Nytta etter avtale med universitetet.
Arne Bjørndal med fela, ukjent år. Foto: Arne Bjørndals samling, Universitetet i Bergen. Nytta etter avtale med universitetet.
X
Innhald

Arne Bjørndal

Arne Bjørndal, forskar, folkemusikksamlar, folkemusikar og ekspert på talar og songar til bryllaup.

Bjørndal var fødd i Hosanger i Nordhordland 11. februar 1882 og døydde i Bergen 11. januar 1965. Han hadde inga formell utdanning utover folkeskulen, men tok timar i musikkteori hos mellom andre Borghild Holmsen og Wilhelm Gomnæs i Bergen. Bjørndal byrja å spele fele i 10-årsalderen og kom i lære hos Ola Mosafinn. Han vann førstepremie på kappleik som 17-åring, og på same tid tok han til å samle inn og notere ned folkemusikk ved hjelp av eit eige notasjonssystem.
Bjørndal gav ut Norske slaattar i 1907 og Gamle slaattar i 1929 (begge i fem hefte kvar). Frå 1911 av hadde han statsstipend, og han heldt fram med eit omfattande innsamlingsarbeid gjennom heile livet, også i form av lydopptak. Dette livsverket ligg til grunn for «Arne Bjørndals samling» ved Universitetet i Bergen.
Bjørndals viktigaste bøker er Ola Mosafinn (1922), Ole Bull og norsk folkemusikk (1940), Nasjonalinstrumentet Hardingfele: 1651–1951 (1951), – og fela ho let: Norsk spelemannstradisjon (1965, saman med Brynjulf Alver). Han var medredaktør for Norsk folkemusikk, serie 1: Hardingfeleslåttar (5 band, 1958–67). Han skreiv òg ei mengd artiklar for aviser og tidsskrift, og eit utval av desse er samla i festskriftet til 70-årsdagen hans, Norsk folkemusikk (1952).
Som spelemann var han aktiv som konsertutøvar og i radio, og han komponerte også teatermusikk. Han opptredde ofte som kjøkemeister, eit arbeid som låg til grunn for Skjemt og aalvor: Visor og songar i brudlaup og lag (3. utgåve 1909). Han var aktiv som organisasjonsmenneske, og skipa mellom anna Landslaget for Spelemenn i 1923, der han sat som formann fram til 1936. Bjørndal vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1954.
Kjelder
Brynjulf Alver: «Arne Bjørndal», Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 1999.
Arne Bjørndals hundreårs-minne. Bergen 1982.
Peikarar
Arne Bjørndals samling, folkemusikksamling  

Først publisert: 23.09.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018