Hopp til innhold
 Arne Brimi. Foto: brimiland.no
Arne Brimi. Foto: brimiland.no
X
Innhald

Arne Brimi

Arne Brimi, kokk, kokebokforfattar og gründer frå Vågå. Han har gjeve ut ei rekkje bøker om norsk mat basert på naturlege råstoff, og han har delteke i fjernsynsserien ”Gutta på tur” på TV 2.

Brimi vart fødd på Tessan i Vågå 1. oktober 1957. Han arbeidde som kokk og kjøkkensjef ved Fossheim Hotell på Lom 1978–2002 og gjorde hotellet landskjend for sitt «Naturens kjøken». I 1985 vart han årets kjøkkensjef, og i 1987 deltok han i det første Bocuse d’Or i Lyon – den uoffisielle verdsmeisterskapen i kokekunst, med namn etter meisterkokken Paul Bocuse. Brimi nådde ikkje til topps, men turen resulterte i den første kokeboka hans, Frå Lom til Lyon. Kokebok frå naturens kjøken (1987).
 
Dei seinare åra har Arne Brimi drive butikken Brimibue i Lom og Vianvang Senter for Matkultur i Vågå, der han arrangerer matkurs og tilbyr skreddarsydde opplevingar. I 2005 vart han slått til riddar av St. Olavs orden.
 
Matfilosofen, naturelskaren og noregsambassadøren
Arne Brimi har lagt særleg vekt på bruk av naturlege råvarer og det å prøve å finne fram til den opphavlege smaken i maten. «Vi må slutte å utfordre naturens grenser. Som kokk kan eg ikkje gjeva meg sjølv fridom overfor råvara,» skriv han. Om det perfekte måltidet skriv han at det er «å bearbeide råvarene så nær opp til det naturlege som mogleg». Hovudbodskapen hans er at tradisjonskost er spennande og velsmakande mat for vår tid.
 
Brimi har også presentert tankar om korleis atmosfæren kring måltidet bør vere – helst så ujålete og uformell som mogleg. Samstundes har han vore ein viktig formidlar av norsk matkultur i ein internasjonal samanheng. Han har vore engasjert av store selskap, mellom andre SAS, for å utvikle rettar basert på «Naturens kjøken».
 
Med Gutta på tur
Hausten 1995 vart Arne Brimi fjernsynsstjerne som medverkande i programserien Gutta på tur på TV 2. Her deltok han saman med Arne Hjeltnes, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie i eit konsept der dei saman drog rundt i verda til stader så ulike som den kinesiske muren, Provence og villmarka i Alaska.
 
Eit sentralt element i serien har vore å skaffe seg og lage til sin eigen mat, og Brimi var den sjølvskrivne kokken i gjengen. Han vart elles særleg kjend for si tilråding i serien om å bruke sjalottlauk. Gutta på tur hadde høge sjåartal. Dei hittil siste programma i serien vart sende i 2006.
 
Kokebokforfattaren
Sidan turen til Lyon har Arne Brimi gitt ut ei rekkje kokebøker. Dei fleste tek føre seg den norske nasjonalkokekunsten i ulike former, men han har også skrive om nasjonalretter i andre land og bidrege med oppskrifter i meir tematiske bøker. Bøkene til Arne Brimi har selt meir enn 300 000 eksemplar.
 
Riddar og prisvinnar
I 2005 vart Arne Brimi slått til riddar av St. Olavs orden for innsatsen sin for norsk matkultur. Same året utnemnde Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) ved Ås han til æresdoktor. Rektor ved universitetet, Knut Hove, påpeika då at UMB og Arne Brimi har ei felles målsetjing i å stimulere alle til å bruke norsk natur og hauste mat derifrå.
 
Brimi har også fått fleire andre prisar, mellom anna for språkbruken sin – i 2001 fekk han Landssamanslutninga av nynorskkommunar sin heiderspris. Munnleg taler han stødig dialekten frå heimbygda, og nettstadene og fleire av kokebøkene hans er på nynorsk. Som nynorskbrukar har han vore noko av ein pioner i matmiljøet, der bokmålet har vore dominerande som målform både i skrift og tale.

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013