Hopp til innhold
X
Innhald

Arnfinn Berstad

Arnfinn Berstad var odelsgut som vart heradsskogmeister og forfattar av både dikt og prosatekstar.

Arnfinn Bjarne Berstad var fødd 19. oktober 1913 i Kjølsdalen i Nordfjord og døydde 27. januar 2009 i Verdal. Han er gravlagd på Bjørkelangen.

Berstad var eldst i ein søskenflokk på ni og begynte tidleg som gardsarbeidar, mellom anna var han i Oppstryn i 1931 og i Hardanger i 1933–34. I 1935–36 gjekk han på Møre Folkehøgskule i Ørsta, og i 1937 tok han eksamen ved Statens skogskole i Steinkjer.

I åra 1937–40 hadde han ulike typar arbeid. Han var tømmerhoggar i Snåsa, planteleiar ved Verdalsbruket og driftskontrollør i Helgådalen. Under krigen budde han eit par år i Steinkjer. Frå 1944 til 1946 hadde han eit vikariat som heradsskogmeister i Sør-Trøndelag, i kommunane Soknedal, Rennebu og Oppdal, og dreiv samstundes sagbruk i Berkåk, der han budde.

Frå 1947 til 1955 var Berstad heradsskogmeister for Ålesundhalvøya skogoppsynsdistrikt, busett på Sjøholt. I 1955 vart han tilsett som heradsskogmeister i Indre Romsdal og budde då på Nesjestranda. Her var han òg styrar ved skogplanteskulen i Veøy. Styrarstillinga sa han frå seg då han flytte til Åndalsnes i 1968, men han heldt fram som heradsskogmeister til han vart pensjonist i 1981. Då flytta han til Verdal, kona si heimbygd.

Medan Berstad budde på Åndalsnes, var han aktiv i lokalpolitikken. Han var medlem av formannskapet, fylkestingsrepresentant og leiar i fylkesfriluftsnemnda. Han var òg leiar i Norges Herredsskogmesterlag i 19 år.

Berstad skreiv alt i unge år og hadde tidleg dikt på trykk i bladet Unglyden. Det første diktet skreiv han under pseudonymet «Finn fjording». Etter at han vart pensjonist, gav han ut tre samlingar med tekstar som han hadde skrive opp gjennom åra. Under stjernerapet (1985) og Berre ein vakker draum (1999) er diktsamlingar, med stor breidde i tema, frå prologar og samtidskommentarar til naturstemningar og kvardagssituasjonar. Alle har si tid (1988) er ei samling prosatekstar, den eldste frå 1951. Her finn vi portrett av menneske han har møtt, meldingar av bøker og spelstykke, minne frå eige liv og kommentarar til aktuelle samfunnsspørsmål.

I 2003 gav Hardanger folkeminnelag ut to bøker av Arnfinn Berstad: Menneske eg møtte og I Aamund K. Bu sitt rike.

 

Kjelder

Arnfinn Berstad: Alle har si tid. Oslo 1988

Arnfinn Berstad: Menneske eg møtte. Kinsarvik 2003

Ove Eide: «Diktet – naturkjensle og musikalitet. Presentasjon av lyrikk-debutanten Arnfinn Berstad», i Jul i Nordfjord 1986

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Arnfinn Berstad på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Arnfinn Berstad på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no

Først publisert: 14.06.2019
Sist oppdatert: 14.06.2019