Hopp til innhold
Foto: Dag Knudsen
Foto: Dag Knudsen
X
Innhald

Arnt Birkedal

Arnt Birkedal, forfattar av dikt, romanar og kortprosa både for barn, ungdom og vaksne. Kreativ språkleik og skiftande sprang mellom kvardag og fantasi er særpreg ved diktinga hans.

Arnt Birkedal er fødd i Stavanger 11. februar 1959. Han begynte på lærarskulen i heimbyen i 1978, bytte studiestad til Stord i 1980, der han vart uteksaminert som adjunkt i 1982. Han hadde arbeidd som lærar i om lag eitt år då han i 1983 debuterte med diktsamlinga Balladen om hålet i dørå. I åra etter debuten trappa Birkedal gradvis ned på lærarjobben, til han frå og med 1998 tok til å skrive på heiltid.
Birkedal har gitt ut rundt tretti bøker, mest diktsamlingar, men også romanar og kortprosa. Han er òg kjend som visediktar og har dessutan gjendikta mange pop- og rocktekstar frå engelsk til norsk. Frå og med 1989 etablerte Birkedal seg som ungdomsbokforfattar med diktsamlinga Draumar og dynejakker. Seinare har forfattaren veksla mellom å skrive for vaksne, ungdom og barn. Biblioteket på do (2002), ein roman for barn, vart utgitt på tysk i 2009. Han har gitt ut over 20 diktsamlingar.
Birkedal har fått fleire prisar, mellom anna Samlagsprisen i 2007 og Teskjekjerringprisen i 2008. I 2008 fekk han òg Rasmus Løland-stipendet frå Rogaland fylkeskommune. Frå 2001 til 2007 var Birkedal medlem av Det litterære råd i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU).
Språkleik og lystig overflate
Eit særmerke ved skrivemåten til Birkedal er den kreative leiken med språket. Forfattaren vrir på ord og vendingar i takt med at ulike innfall strøymer på. Denne språkleiken finn vi mykje av både i dikta og prosatekstane hans. Slik skaper han sitt karakteristiske uttrykk, på grensa til nonsens, ved at det reint lydlege dannar bru mellom linjene, slik som her: «Eg er mormor sin augestein,/ mor mi sitt hjarteblod,/ morfar sin nyrestein,/ onkel sin nasegrus» (frå «Nett no brenn eg inne med noko», Hytteboka, 2007).
Ser vi bort frå songtekstane, er dei fleste av dikta til Birkedal skrivne i fri form, utan fast rytme eller enderim. Tema som går att i poesien, er forelsking, sommar, draumar og barndomsminne. Ofte kan det liggje noko sårt eller melankolsk rett under ei lett og lystig overflate.
Draum og røyndom fletta i kvarandre
Fleire av tekstane til Birkedal kan ein sjå på som det forfattaren sjølv kallar «gliper», altså opningar, frå kvardag og røyndom og inn i draum og fantasi. Lesarane kan leite lenge etter ein logisk samanheng. Det kan derfor vere utfordrande å henge med når assosiasjonane til Birkedal spring inn og ut av det fantastiske, eller når hendingane snoar seg att og fram mellom ulike tidsplan. I Biblioteket på do (2002) lever ein gut som sit på do, både eit verkeleg liv og eit liv gjennom bøkene han les, og i Is- og Donald-svingane (2004) spelar kjende figurar og situasjonar frå teikneserieverda med i realistiske skildringar frå ein oppvekst.
Men ikkje alle bøkene til Birkedal er like krevjande å lese. Dei to diktsamlingane Draumar og dynejakker (1989) og Eg kan godt lika deg (1991) inneheld mange kvardagslege og enkle dikt om situasjonar som ungdom flest kan kjenne seg att i. Likeins har romanen Gaulevik (2008) ei oversiktleg handling, sjølv om viltre innfall og tankesprang så absolutt er til stades her òg. Hovudpersonen, omtalt som «guten», veks opp på ein stad der folk skrik og gaular heile tida. Sjølv veit han ikkje korleis han skal halde ut med så mykje skrål omkring seg. Lesaren kan more seg over det som skjer, utan å leite etter djupare meining. Men guten kan òg stå som ein representant for dei som kjenner seg tvinga til å gjere opprør mot eit invaderande oppvekstmiljø. Guten har ei lyre som han spelar på. Kanskje representerer han lyrikaren, som har eit meir stillferdig og annleis språk enn alle dei andre?
Song- og visetekstar
Birkedal har skrive mange songtekstar på stavangerdialekt, mellom anna for gruppene Vamp, Aftenlandet og Ryfylke Visegruppe. Songtekstane er stemningsfulle dikt i bunden form, som til dømes «Hynsahus», «13 humler», «Vie dagen min te solå» og «Fuglane vett». Sine eigne visetekstar har forfattaren samla i boka Hynsahus. 45 songar (2004).
Birkedal har elles gjendikta mange poptekstar frå engelsk. I diktsamlinga John Lennon: Tenk deg (1987) gjendiktar han heile 70 John Lennon-tekstar til stavangermål.
Nynorsk i bøkene og dialekt i visene
Dei tre første bøkene til Birkedal er skrivne på stavangerdialekt. Frå og med diktsamlinga Draumar og dynejakker gjekk forfattaren over til å skrive på nynorsk, bortsett frå i gjendiktingane og visetekstane, der han har halde fram med å skrive på stavangerdialekt.
Kjelder
E-post frå forfattaren
Atle Christiansen: «Om å sitje på do og lese», bokmelding i Dag og Tid, dagogtid.no,
«Forfattar Arnt Birkedal får Løland-stipend», Løland-markeringa, nashornet.no, publisert 07.04.2008, http://www.nashornet.no/index.cfm?id=185090 [lesedato 10.05.2010]
Forfattarside om Arnt Birkedal, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1233 [lesedato 10.05.2010]
Heimesida til Arnt Birkedal, arntbirkeland.no, oppretta 2006, http://www.arntbirkedal.no/ [lesedato 10.05.2010]
«Prøysenprisene 2008», Prøysenhuset, proysenhuset.no, publisert 15.01.2010,
http://www.proysenhuset.no/index.php?section=artikler&cat=25&id=3313&PHPSESSID=db03395fbddf303f4190ed9cad22b95d [lesedato 10.05.2010]
«Teskjekjerringprisen til Arnt Birkedal», Det Norske Samlaget, samlaget.no, 

Først publisert: 10.05.2010
Sist oppdatert: 11.04.2018