Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Berg

Arthur Bjarne Berg, mangeårig redaktør i den kristne avisa Dagen og ein av dei fremste meiningsberarane blant kristenfolket gjennom etterkrigstida.

Berg var fødd 8. april 1916 i Brunlanes og døydde 20. juli 1998 i Bergen. I ungdommen skal han ha vore ateist ei tid, før han vart omvend under eit møte med vekkingspredikanten Ernst Hallen i Kristiansand. Han utdanna seg til cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1941. I 1944 vart han feltprest for dei norske styrkane i Sverige, og frå 1950 til 1955 arbeidde han som sekretær i Finnemisjonen (seinare Norges Samemisjon). Frå 1955 til 1985 var han redaktør i den kristne avisa Dagen i Bergen.
 
I Berg si redaktørtid vart Dagen eit stridsorgan for bibelsk kristendom, som var tru mot skrifta. Han var ein sterk forsvarar av Israel og motstandar av sjølvbestemt abort og kvinnelege prestar. Berg var kompromisslaust konservativ i teologiske spørsmål, men når det galdt politikken elles, kunne han leggje for dagen liberale synspunkt, og han heldt spaltene i Dagen opne for ulike syn. Han var ein sentral person i Folkerørsla mot medlemskap i EEC tidleg i 1970-åra og medverka såleis til å sameine kristenfolket med andre grupperingar i denne breie motstandsrørsla.
 
Berg var ofte frampå som debattant på folkemøte og i radio og fjernsyn. Han skreiv fleire bøker, mellom anna biografien I stridens hete (1969) om Kjell Bondevik, og han var medredaktør for Studiebibelen (1996). Trass i at han kom frå Vestfold og såleis ikkje hadde bakgrunn i det nynorske kjerneområdet, var han ein ivrig forkjempar for nynorsk og brukte sjølv denne målforma.
 
Kjelder
Svein Brurås: «Arthur Bjarne Berg», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 2005
Svein Brurås: Arthur Berg. Oslo 1987
 
Peikarar
Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013