Hopp til innhold
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll
Foto: Norsk Lærerakademi (NLA). Nytta etter avtale med høgskulen.
X
Innhald

Arve Brunvoll

Arve Brunvoll er prest, professor og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.

Brunvoll er fødd i Molde 17. juni 1937 og har vore tilsett ved Norsk Lærarakademi i Bergen sidan 1968, og har vore professor II sidan han gjekk av for aldersgrensa i 2007.
 
Etter teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1962 har han ein doktorgrad frå Glasgow University i 1968 om etikk og ein frå Universitetet i Bergen i 1997 om høvet mellom Luther-forståing og religionskritikk hos filosofen Ludwig Feuerbach. 

Brunvoll var skuleungdomsprest i Norges kristelige student- og skoleungdomslag i Stavanger 1964–1968, førsteamanuensis i systematisk teologi frå 1968, professor frå 1999 ved Norsk Lærerakademi (NLA) i Bergen. Frå 1992 til 1995 var han rektor same staden. 

Gjennom fire tiår var Brunvoll ein avhalden undervisar i systematisk teologi. Samstundes har han ein omfattande fagleg produksjon – særleg på områda etikk og salmeforsking. Mellom dei mange vitskaplege og kyrkjelege verva hans kan nemnast arbeidet i Liturgikommisjonen og i Salmebokkomiteen for Den norske kyrkja 1972–84.

I Norsk Salmebok (1985) hadde Brunvoll over tretti omsetjingar og gjendiktingar, i tillegg til åtte eigne salmar. Både hans originale «Du Ord frå alle æver» og den gamle irske «Deg å få skoda» har vorte mykje nytta i norske gudstenester frå slutten av 1980-åra. Ingen har bidrege til fleire salmar i Norsk Salmebok 2013 enn Brunvoll. Han har omsett heile 44 salmar i salmeboka.  Berre nynorskpioneren Bernt Støylen (38) er i nærleiken. Med 7 salmar var han saman med Edvard Hoem (11) ein av dei to levande nynorskforfattarane med flest salmar i salmeboka.

Arve Brunvoll har omsett Martin Luthers salme "Fader vår" til nynorsk for første gong, etter førespurnad frå Ivar Aasen-tunet i samband med Luther-jubileet i 2017. Ragnar Bjerkreim har laga musikk til. Kirsten Ragnhild Grimstad syng og Geir Harald Eikrem spelar til. Video: Ivar Aasen-tunet/ Nynorsk kultursentrum.


Kjelder

Arve Brunvolls CV [lesedato 11.4.2018]

Norsk salmebok, Stavanger 2013

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018