Hopp til innhold
X
Innhald

Arve Moen Bergset

Arve Moen Bergset, fiolinist, hardingfelespelemann, kvedar og songar. Han blei i ung alder kjend for den klokkeklare songstemma si, som trollbatt fjernsynspublikum og platekjøparar. Få, om nokon, andre tradisjonsmusikarar enn Bergset har opplevd å oppnå barnestjernestatus på riksnivå.

Arve Moen Bergset er fødd 13. mars 1972 i Sandnessjøen i Nordland. Då han var fem år gamal, flytte han med familien til i Vinje i Telemark. Han er no busett i Asker.
Bergset kom tidleg inn i den lokale song- og musikktradisjonen i Vest-Telemark. Frå han var åtte år gamal gjekk han i lære hos sambygdingen og folkesongaren Sondre Bratland, som lærte han tradisjonssong, med vekt på religiøse folketonar. Bergset tok til å spele fiolin i 9–10-årsalderen.
Bergset er utdanna ved Noregs musikkhøgskole med hovudfag i fiolinspel. Han har vore medlem av Det Norske Kammerorkester og Oslo Filharmoniske Orkester.
Frå 1985 har Bergset vore med på ei rekkje plateutgivingar, både saman med andre og som soloartist. Frå 1989 har han vore med i folkemusikkgruppa Bukkene Bruse.
Som kvedar og musikar har han fått fleire prisar og stipend og har vore med i fleire fjernsyns- og radioproduksjonar. Han fekk Spelemannsprisen i 1987 for soloplata Arvesølv.
Barneår og fram mot stemmeskiftet
Viktige år i oppveksten fekk Bergset i prestegarden i Vinje i Telemark. Lærarane og folkemusikarane Ellen Nordstoga og Aslak Høgetveit prega Bergset alt i tidleg skulealder. Det var åtteåringen Arve som sjølv tok kontakt med Sondre Bratland for å lære kveding og religiøse folketonar. Noko seinare tok han til med fiolinspel.
Bergset hadde eit par musikkutgivingar bak seg då han i 1987 hadde si første verkeleg store offentlege framføring med musikalsk programinnslag under den fjernsynsoverførte Spelemannsprisutdelinga. Han vekte åtgaum i vide krinsar for denne framføringa, og han fekk snart tilnamnet «Sølvstrupen frå Vinje». Same året kom plata Arvesølv ut. Plata selde godt, og 16-åringen Bergset fekk Spelemannsprisen for denne utgivinga året etter.
Den klare guterøysta til tenåringen Bergset blei snart kjend i vide krinsar, og sjeldan har noko stemmeskifte fått så mykje merksemd her til lands som stemmeskiftet til unge Arve Moen Bergset. Det var nyhendesak i NRK Dagsnytt, og det var offentleg diskusjonstema om røysta ville klare eit omskifte til eit djupare leie utan å endre kvalitet.
Etter ungdomsskulen reiste Bergset frå Vinje til Oslo for å gå på Musikkhøgskulen, var med i Unge Strykere og tok studieførebuande delartium.
Klassisk musikk og folkemusikk
Bergset har på fleire måtar hatt parallelle musikalske karrierar. Etter at han tok til med klassisk musikkutdanning og profesjonell utøving som fiolinist, har han halde fram med å dyrke og utvikle det folkemusikalske uttrykket på høgt nasjonalt nivå.
Det største bidraget til folkemusikken dei seinare åra har Bergset gitt gjennom folkemusikkgruppa Bukkene Bruse. Bergset har vore med sidan gruppa starta i 1989, etter eit tilfeldig samarbeid under ein opningskonsert for Bedriftsøkonomisk Institutt i Oslo. Samarbeidet blei snart formalisert med konsertturnering og seinare med plateutgivingar. Bergset syng, spelar fele og hardingfele. I gruppa finn ein elles hardingfelespelaren Annbjørg Lien og fløytisten Steinar Ofsdal. Bukkene Bruse blei utnemnde til offisielle OL-musikarar under vinterolympiaden på Lillehammer i 1994. Sidan 1998 har Ole Bjørn Rasch på tangentar vore fast medlem av gruppa. Gruppa har gitt ut fem plater med tradisjonsmusikk og arrangert folkemusikk. Bergset kom elles i 1997 ut med soloplata Religiøse folketonar.
På det klassiske musikkfeltet har Bergset vore aktiv som medlem av dei fremste orkestra i landet. Han har turnert i inn- og utland og har vore solistfiolinist på fleire plateutgivingar. Han har mellom anna vore med på utgivingar med musikk av Johan Halvorsen, Johan Kvandal, Geirr Tveitt og Stephen Frost.
Kjelder
”Lyslugg i byen”, Dag og Tid 30.01.1997
Om Arve Moen Bergset på Ad Libitum, http://www.adlibitum.no/ [lesedato 31.08.2008]

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 04.02.2013