Hopp til innhold
X
Innhald

Aslaug Nesje Bjørlo

Aslaug Nesje Bjørlo, direktør ved Nordfjord Folkemuseum, med breitt engasjement for kulturliv og samfunnsliv.

Bjørlo er fødd 14. januar 1951 og bur på Sandane i Gloppen. Ho er utdanna bibliotekar og har i tillegg mellomfag i kunsthistorie. Tidlegare har ho vore bibliotekar, biblioteksjef og kultursjef. Sidan 1994 har ho vore direktør ved Nordfjord Folkemuseum. I 2008 vart det bestemt at museet skulle gå saman med dei andre offentlege musea i fylket i den felles stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.
 
Utanom arbeidet sitt ved museet har Bjørlo vist eit vidt samfunnsengasjement. Ho har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna i Gloppen næringshage, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norges museumsforbund, Norsk kulturforum, bibliotekorganisasjonar og fagorganisasjonar. Ho er òg leiar i redaksjonsnemnda for Jul i Nordfjord.
 
Peikarar
Heimesida til Nordfjord Folkemuseum

Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013