Hopp til innhold
X
Innhald

Åsmund Bjørnstad

Åsmund Bjørnstad er professor i planteforedling, forfattar og gjendiktar. Naturen står i sentrum for arbeidet hans som forskar, formidlar og diktar. Som gjendiktar har han laga norske versjonar av krevjande og verdifull poesi.

Åsmund Bjørnstad er fødd 9. april 1951 på Rjukan i Tinn kommune og er busett i Ås i Akershus. Han fullførte gymnaset ved Bergen katedralskole i 1969 og tok hovudfag i plantefysiologi ved Universitetet i Bergen i 1979. Doktorgraden tok han ved Noregs landbrukshøgskole (no Noregs miljø- og biovitskaplege universitetet, NMBU) i 1986.

Bjørnstad tok til som førsteamanuensis i planteforedling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet i 1989, og sidan 2000 har han vore professor same staden. Han har hatt fleire forskingsopphald ved universitet i USA og Mexico. I Ås er han tilknytt Fakultet for biovitskap og arbeider særleg med korngenetikk, resistensforedling og plantane si kulturhistorie. I tillegg er Bjørnstad forfattar og har skrive ei rekkje diktsamlingar, og dessutan fleire populærvitskaplege bøker knytte til fagfeltet. Han har òg omsett ei rekkje store poetar frå engelsk og tysk.

Bjørnstad debuterte som poet med diktsamlinga Innlandskap i 1994. Sidan har han gitt ut samlingane Flyttesjau (1997), Gras (2006) og Kvit stein (2009). Indre og ytre landskap glid over i kvarandre i poesien hans. Dikta er naturnære, observante overfor plantar, tre og stein, samstundes som dei er opptekne av det som hender mellom menneska – og mellom det einskilde mennesket og naturen.

Som gjendiktar har Bjørnstad arbeidd med fleire kanoniserte og krevjande diktarar, alle med sine høgst ulike uttrykk. Han har mellom anna gjendikta Tony Harrison (v. og andre vers, 1998), John Donne (Eit menneske er inga øy, 2010), Dylan Thomas (Dikt på min gebursdag, 2014) og Rainer Maria Rilke (Duino-elegiane, 2002, Brev til ein ung diktar, 2007, Sonettane til Orfeus, 2013). Felles for desse dikta er strenge verseformer og ein ofte disiplinert bruk av poetiske verkemiddel, som stiller store krav til den som skal setje dei om til norsk. Denne utfordringa har Bjørnstad makta å møte, og det har gitt oss ei rekkje viktige diktverk på norsk.

Bjørnstad er òg ein trygg formidlar av sitt eige fag, noko som kjem til uttrykk i bøker som Korn – frå steinalder til genalder (2005) og Vårt daglege brød. Kornets kulturhistorie (2012) (også utgitt på engelsk som Our Daily Bread. A History of Cereals). Bøkene er lettlesne og gir såleis også barn og ungdom høve til å få innsikt i kornets kulturhistorie. Bjørnstad har òg drive omfattande populærvitskapleg publisering i aviser og har skrive artiklar om biologi og litteratur i både bøker og aviser. «Olav H. Hauge i planteriket. Av skrinne kår» er trykt i antologien Tid å hausta inn. 31 forfattarar om Olav H. Hauge (2008).

Video: Laura Djupvik les frå Bjørnstads gjendikting av John Donne, youtube.com

Kjelder

E-post frå Åsmund Bjørnstad 7.2.2017

Presentasjon av Åsmund Bjørnstad på nettstaden til NMBU, nmbu.no: https://www.nmbu.no/ans/asmund.bjornstad [lesedato: 5.2.2017]

Først publisert: 25.07.2017
Sist oppdatert: 25.07.2017