Hopp til innhold
X
Innhald

Asta Brimi

Asta Margrete Brimi, journalist og redaktør i lokalavisa Fjuken i Ottadalen i Nord-Gudbrandsdalen i meir enn 20 år.

Asta Brimi er fødd i1954, og ho bur i Skjåk i Oppland. Ho var med heilt frå starten då vekeavisa Fjuken i Skjåk blei skipa i 1989. Dei første seks åra fram til 1995 var ho formelt tilsett som kontorsjef, og ho var redaktør mellom 1995 og 2016. Frå 2016 er ho dagleg leiar i avisa, medan Hans Erik Kjosbakken er redaktør. Avisa blir redigert på nynorsk.

 

Arbeidet med avisa har vore ein livsstil for Brimi, og ho har kontinuerleg arbeidd for å betre dei økonomiske rammevilkåra og pressestøtta til lokalavisene, mellom anna gjennom mangeårig arbeid i Landslaget for lokalaviser (LLA). Brimi er idealist på vegner av lokalvisene og meiner at nøkkelen til suksess er nær kontakt med lesarane, og at avisa er ein viktig samfunnsaktør. Brimi trur at også papiravisene, spesielt lokalavisene, vil overleve, sjølv om avisene blir digitaliserte.

 

Brimi er styreleiar i lokalavisa Vigga frå 2011, styremedlem i lokalavisa Dølen frå 2015, og ho var medlem av Mediestøtteutvalet i 2009–10. Ho har hatt fleire verv i Landslaget for lokalaviser i nærmare 20 år. Her var ho styremedlem i 1992–97, nestleiar i 1998, leiar i 1999–2004 og styremedlem igjen etter ein pause på nokre år. Brimi blei kåra til Årets Fyrkje i 2006, og i 2013 fekk Fjuken Austmannalaget sin målpris.

 

Kjelder

Gard L. Michalsen: «Etter 27 år på desken, har mor Fjuken begynt å trappe ned. Møt hele bransjens beste Asta Brimi», medier24.no, publisert 16.4.2016: http://www.medier24.no/artikler/etter-27-ar-pa-desken-har-mor-fjuken-begynt-a-trappe-ned-mot-hele-bransjens-beste-asta-brimi/362292 [lesedato 18.1.2017]

Gard L. Michalsen: «Etter 20 år som redaktør går Asta Brimi av. Hans-Erik Kjosbakken tar over», medier24.no, publisert 21.12.2015: http://www.medier24.no/artikler/etter-20-ar-som-redaktor-gar-asta-brimi-av-hans-erik-kjosbakken-tar-over/361580 [lesedato 17.1.2017]

 

Peikarar

Elsebeth Frey: «Asta Brimi tar gjenvalg», journalisten.no 

Elsebeth Frey: «Universell lokaljournalistikk», journalisten.no 

Journalisten: «Brimi årets fyrkje», journalisten.no

Kampanje: «Her er Giskes mediestøtteutvalg», kampanje.com

LNK Nytt: «Målpris til Fjuken», lnk.no 

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017