Hopp til innhold
X
Innhald

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986 i Lindas) debuterte i 2010 med romanen Muntergang. Tittelen rommar både «munter» og «untergang», og han brukar begge i ei munter blanding.

Berge fører saman to heilt ulike menneske og stiller usunn livsstil opp mot Alvorets sikkerheitsteneste (AST). Kva er verst? Etter debutboka gjekk han i gang med «Barcelona-serien», bøker for barn som nyleg har lært å lesa, og der fortel han historier om sorg og glede på fotballbanen. 

I 2015 kom den satiriske romanen Superpularen, som leikar litt med «Fifty shades of grey»-suksess, der lett skandaløs erotikk skaper skandaløse salstal. Seriøse problemstillingar og humoristiske koplingar går hand i hand hos denne forfattaren.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 11.10.2018
Sist oppdatert: 11.10.2018