Hopp til innhold
X
Innhald

August Bosse

August Jacob Bosse, typograf og målmann, fagforeiningsleiar og omsetjar. Han var typograf i Den 17de Mai og omsette Det kommunistiske manifestet til nynorsk.

August Bosse var fødd 30. april 1873 i Øyestad i Aust-Agder, i dag Arendal, og døydde 9. august 1921 i Kristiania.

Han var typograf og hadde spesialutdanning i bruk av typografisk setjemaskin. I fleire år var han maskinsetjar i landsmålsavisa Den 17de Mai i Kristiania, der han var ein av redaktør Rasmus Steinsviks nære medarbeidarar. Han sytte for at alt tilfang, også innsendt stoff, strengt følgde avisa si språknorm. Ikkje alle innsendarar sette pris på det.

Rundt hundreårsskiftet hadde han vore typograf i Dagbladet. Han var ein dugande maskinsetjar og vart i 1906 montør ved maskinfabrikken Monoline i Berlin. Då han kom tilbake til Noreg i 1910, tok han til som handelsreisande i boktrykkjarbransjen. Han hadde dette arbeidet til han vart hjartesjuk rundt 1918. Han var maskinmontør og agent for det grafiske firmaet Hansen & Skotvedt og arbeidde òg for maskinfirmaet Olaf Gulowsen.

August Bosse var aktiv i fagforeiningsarbeid. Han hadde styreverv i Den typografiske forening i Kristiania og var frå 1905 til 1907 formann i Norsk centralforening for bogtrykkere, ein av føregjengarane til Norsk Grafisk Forbund. I seinare år skreiv han utanlandmeldingar i bladet til foreininga, Typografiske Meddelelser. Stundom skreiv han òg på landsmål i dette bladet.

Då helsa svikta rundt 1918, gav han seg i veg med omsetjingsarbeid for Den 17de Mai, Norsk Barneblad og andre blad. For Den 17de Mai omsette han romanar, forteljingar og folkelivsskildringar, som vart prenta som utklyppsbøker i avisa. Mellom titlane er «Al-Mansurs kjærleikseventyr», «Amerika-Johan», «Bruri frå steppone», «Eventyr i Sudhavet», «Farkelaget», «Mark Twains utvalde skissor», «Polsk blod» og «Teaterborn».

Den viktigaste omsetjinga til August Bosse er likevel Det kommunistiske manifestet av Karl Marx og Friedrich Engels. Landsmålsomsetjinga, som munnar ut i appellen «Proletarar i alle land, slå lag!», er signert med psevdonymet «B–e» og vart utgitt i 1921 av Det Norske Arbeiderpartis Forlag med eit føreord av Edvard Bull. Denne omsetjinga er framleis den einaste nynorske omsetjinga av manifestet. Den første riksmålsomsetjinga kom tre år tidlegare, i 1918.

Kjelder

Rune Andersen: Glimt fra Norsk Grafisk Forbunds historie. Bind I. 1882–1966. Oslo 1999
Aug. Bosse: «Rettskrivingi.» Typografiske Meddelelser 11.5.1918
Den 17de Mai, 1918–1921
Den 17de Mai, dødsannonse og minneord 10.8.1921
Digitalarkivet, folketeljingane for Kristiania 1900 og 1910
Friedrich Engels og Karl Marx: Det kommunistiske manifestet. Med fyreord av Edv. Bull. Det norske arbeiderpartis forlag. Kristiania 1921
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1868–1940. Samlaget. Oslo 2011
Journal für Druckgeschichte, 1/2004
Arne Ording: Norsk centralforening for boktrykkere 1882–1932. Oslo 1932
Oslo Maskinsetterklubb: Oslo Maskinsetterklubb gjennom 50 år 1899–1949. Oslo 1949
Social-Demokraten, minnenotis 10.8.1921
Typografiske Meddelelser, 1904–1921
Typografiske Meddelelser, minneord 13.8.1921

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 12.12.2017