Hopp til innhold
X
Innhald

Axel Gudbrand Blytt

Axel Gudbrand Blytt, 1843–98, var botanikar og son av Matthias Numsen Blytt. Axel Gudbrand Blytt var professor ved Universitetet i Kristiania frå 1880, og han heldt fram med det verket faren hadde byrja på, Norges Flora.
Blytt er mest kjend for teorien om innvandringa av den norske floraen etter siste istida i dei vekslande klimatiske periodane han påviste (1876). Denne har seinare blitt revidert og kalla Blytt-Sernanders klimavekslingsteori.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2013
Sist oppdatert: 28.11.2013