Hopp til innhold
Fotoportrett av Benjamin Britten. Kredit: Archivio Foto Seghizzi, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Fotoportrett av Benjamin Britten. Kredit: Archivio Foto Seghizzi, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Benjamin Britten

Benjamin Edward Britten, engelsk komponist og pianist. Han var ein av dei viktigaste operakomponistane på 1900-talet og ein sentral fornyar av den engelske kortradisjonen.

Benjamin Britten var fødd 22. november 1913 i Lowestoft i England og døydde 4. desember 1976 i Aldeburgh. Den viktigaste musikalske påverknaden hans i barndomen var mor hans, Edith, som sjølv var songar og pianist. Britten synte tidleg eit stort musikalsk talent, og Edith drøymde om at sonen skulle verte «den fjerde B‑en», etter Bach, Beethoven og Brahms. Han gjekk på privatskulen Gresham's School i Norfolk, før han i 1930–33 studerte komposisjon ved Royal College of Music i London.

Britten var ein av dei etterkrigskomponistane som best greidde å skape eit umiskjenneleg moderne tonespråk innanfor rammene av den tradisjonelle tonaliteten. Hovudarbeida hans låg innanfor opera og kormusikk, der han skreiv nokre av meisterverka på 1900-talet. Han var homofil og ein aktiv pasifist heile livet, og denne utanforposisjonen var ein tematikk han stadig utforska i musikken sin. Likevel opplevde Britten i større grad enn dei fleste 1900-talskomponistar å verte hylla og godteken av storsamfunnet. Fleire av verka hans vart tidleg svært folkekjære, men War Requiem (1962) står i ei særstilling, særleg i heimlandet England.

Operaene hans var dei første av ein engelskmann som gjekk inn i standardrepertoaret, og i dag vert mange av dei regelmessig oppførte verda rundt. Den kanskje mest ikoniske av dei er òg den som gjorde han kjend, Peter Grimes (1945). Her grev Britten djupt i det brennbare forholdet mellom individ og samfunn, med ypparleg sans for både det dramatiske og det musikalske.

Britten fekk tildelt ei lang rekkje prisar og utnemningar for musikken sin, til dømes Royal Philharmonic Society si gullmedalje (1964), Léonie Sonnings musikkpris (1968) og Ernst von Siemens' musikkpris (1974). I 1976 vart han adla til Baron Britten av Aldeburgh av dronning Elizabeth 2.

Studiar og Amerika-reise

Dei første komposisjonane som fekk merksemd i heimlandet, skreiv Britten i studietida, og hans Sinfonietta, Op. 1 (1932) vart framført på BBC. I 1935 tok han til å arbeide med musikk for dokumentarfilmar, og det var i samband med dette at han vart kjend med diktaren W.H. Auden, som sidan vart ein viktig ven for Britten. Dei samarbeidde om det første storskalaverket til Britten, songsyklusen Our Hunting Fathers (1936), som provoserte, både på grunn av dei utfordrande harmoniane og dei radikale, politiske tekstane.

I 1937 trefte Britten tenoren Peter Pears, som vart partnaren hans livet ut, både romantisk og profesjonelt. To år etter reiste dei med båt til Amerika, med tanke på å forlate Storbritannia for godt. Han skreiv fleire store verk i løpet av dei tre åra han var i USA og gjekk igjennom ei viktig revurdering av forholdet sitt til britisk musikk. Det førte til eit endeleg oppgjer med den nasjonalromantiske stilen til forgjengarar som Ralph Vaughan Williams og Gustav Holst. Men det var på båtturen heim i 1942 at han skreiv den musikken som vert hugsa best i dag, dei vakre korverka Hymn to Saint Cecilia og A Ceremony of Carols.

(Artikkelen held fram under biletet)

Benjamin Britten (til venstre) saman med Peter Pears, 1975. Foto: Victor Parker, kredit www.britten100.org © Britten-Pears Foundation.

Benjamin Britten (til venstre) saman med Peter Pears, 1975. Foto: Victor Parker, kredit www.britten100.org © Britten-Pears Foundation.

Peter Grimes

Då Britten kom attende til England, bestemte han seg for å prøve seg på opera. Det fanst ingen britiske operaer i standardrepertoaret, og ikkje sidan Henry Purcell (1659–1695) hadde ein engelskmann meistra sjangeren til fulle. I Amerika hadde Britten kome over poesien til George Crabbe, og det var frå diktverket The Borough at han og Pears henta historia om fiskaren Peter Grimes.

Operaen, med premiere i juni 1945, er meisterleg i måten han skildrar forholdet mellom outsideren Grimes og den vesle landsbyen, som til slutt vinn over han og driv han til sjølvmord. Forholdet mellom individ og samfunn var gjort smerteleg aktuelt etter to verdskrigar, og Britten sine tunge, personlege erfaringar, som homofil og pasifist, sette han ekstra godt i stand til å formidle problematikken. Operaen spreidde seg raskt over Europa, og dermed hadde Britten greidd det Vaughan Williams aldri greidde, å få ein engelsk opera inn på standardrepertoaret.

Like etter spela Britten saman med Yehudi Menuhin for dei overlevande i konsentrasjonsleiren i Belsen. Denne opplevinga prega han resten av livet, noko som først kunne høyrast i den dystre songsyklusen The Holy Sonnets of John Donne (1945). Men det er eit lystigare verk frå same året som vart eit av dei aller mest folkekjære, nemleg A Young Person's Guide to the Orchestra, skrive over eit tema av Purcell. Stykket tek pedagogisk for seg orkestergruppene éi etter éi, men er slåande heilskapleg sjølv når ein ser på musikken isolert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Foto av Benjamin Britten i studioet sitt The Red House, 1958. Britten og Peter Pears flytta til dette huset i Aldeburgh i 1957 og budde der til dei døydde. Foto: Kurt Hutton, kredit www.britten100.org.

Foto av Benjamin Britten i studioet sitt The Red House, 1958. Britten og Peter Pears flytta til dette huset i Aldeburgh i 1957 og budde der til dei døydde. Foto: Kurt Hutton, kredit www.britten100.org.

War Requiem og andre storverk

Peter Grimes vart det definitive vendepunktet for Britten sitt omdømme, og kvar ny komposisjon vart no følgd av musikkmiljøa både i England og resten av Europa. Mange operaer følgde, og nokre av dei, mellom anna The Rape of Lucretia (1946), Billy Budd (1951) og The Turn of the Screw (1954), vert framleis ofte framførte.

Etter operasuksessen vart Britten oppteken av å finne nye utfordringar, noko som mellom anna leidde han til å utforske balinesisk og japansk musikk. Desse påverknadene høyrer ein til dømes godt i balletten The Prince of the Pagodas (1957) og kyrkjeoperaen Curlew River (1964). Nye operaer kom til, den bibelske barneoperaen Noye's Fludde (1958) og Shakespeare-adapsjonen A Midsummer Night's Dream (1960), som i dag er av dei operaene av Britten som oftast vert framførte.

War Requiem for kor, solistar og orkester vart urframført ved opninga av den nye katedralen i Coventry i 1962. Mellomalderkatedralen var bomba i ruinar i 1940, og War Requiem vart eit av dei mest kraftfulle uttrykka for ideologisk pasifisme i musikkhistoria. Britten kombinerte tekstar frå den latinske requiem-messa med dei mørke krigsdikta til Wilfred Owen, som sjølv vart drepen under første verdskrigen. Det er det mest monumentale av korverka hans, og den massive suksessen som følgde, gjorde at han trekte seg attende og utforska ein meir reservert stil av kammermusikk i dei neste verka sine. Av dei seine verka til Britten er dei to operaene Owen Wingrave (1971) og Death in Venice (1973) dei viktigaste.

Kjelder

Philip Brett ofl.: «Britten, Benjamin», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/46435 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 10.2.2015]

Léonie Sonnings Musikkfond si liste over prismottakarar: http://www.sonningmusik.dk/prismodtagere.aspx [lesedato 10.3.2015]

Michael Kennedy: «Britten, (Edward) Benjamin», The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e978 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 10.2.2015]

Royal Philharmonic Society, liste over medaljemottakarar: http://royalphilharmonicsociety.org.uk/index.php/awards/gold_medal/goldmedalrecipients/goldmedalrecipients2 [lesedato 10.3.2015]

Arnold Whittall: «Britten, Benjamin», The New Grove Dictionary of Opera. Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/O009254 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 10.2.2015]

Peikarar

Nettstaden til Britten-Pears Foundation

Nettstaden britten100 i høve hundreårsmarkeringa i 2013

Donald Mitchell: Benjamin Britten: Death in Venice. Cambridge University Press 1987, utdrag frå boka tilgjengeleg på Google Bøker

Først publisert: 02.09.2015
Sist oppdatert: 02.09.2015