Hopp til innhold
Bente Bratlund. Foto: Patricia Roos / Samlaget.
Bente Bratlund. Foto: Patricia Roos / Samlaget.
X
Innhald

Bente Bratlund

Bente Bratlund, forfattar med omfattande og allsidig produksjon av meir enn 40 bøker i ulike sjangrar.

Bente Bratlund er fødd 12. mars 1952 i Bergen. Ho er oppvaksen i Os i Hordaland og bur no på Reinsvoll i Vestre Toten kommune. Bratlund tok lærarutdanning ved Stord lærarskule (1971–74) og dramautdanning i Bergen (1977). Ho har arbeidd som lærar på Nore Neset skole (1974–1986) og eitt år som journalist i lokalavisa Midhordland. Frå 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Ho har òg teke rettleiarutdanning og har arbeidd som rettleiar ved Høgskolen i Bergen og på Haukeland Universitetssjukehus.

Bratlund debuterte i 1977 med diktsamlinga Lukkeleg båt. I 1982 kom den første ungdomsboka, Kvifor, Pål?, og Når det blør (1989) var den første romanen. Bratlund skriv om dei nære tinga, om menneske som møtest, glede, men òg om sjukdom, smerte og svik. I 2010 kom Besatt av demoner. Boka handlar om Bratlund som ei tid i ungdommen høyrde til ein kristen kyrkjelyd som dreiv med demonutdriving. Ho skriv først og fremst barne- og ungdomsbøker.

Bratlund held skrivekurs, reiser rundt med opplesingsprogram og vitjar skular. Dei fleste barne- og ungdomsbøkene er omsette til dansk, nokre også til svensk. Ho har òg gitt ut bøker under namnet Bente Bratlund Mæland (Mæland-namnet er frå det første ekteskapet).

«Merkesteinane»

Dei som alltid har vore der
Merkesteinane
Dei som ber historia vår
Dei som kan seia «hugsar du»
og så hugsar vi
Desse som sto der på vegen vår
som korrektiv
Som vi målte krefter mot
og kom heim til
Desse som var rammene
om liva våre

Dei blir borte no
Ein etter ein tar dei farvel
Og vi står fortumla att
i ei uventa einsemd
Overraska over kor viktige
dei var

Diktet «Merkesteinane» av Bente Bratlund: Livet er så nært. B. Bratlund 2011. 

Kjelder

Audun Stølås: «Gledesspreder Bente Bratlund Mæland», fikenbladet.no, http://www.fikenbladet.no/gledespreder%20Bente%20B%20M.htm [lesedato 24.01.2011]

Nettside om Bente Bratlund, epiphany.no,http://www.epiphany.no/bente/ [lesedato 24.01.2011]

Nettstaden til Bente Bratlund, http://www.bentebratlund.no/om%20bente.html [lesedato 24.01.2011]

Peikarar

Nettstaden til Bente Bratlund

Først publisert: 24.01.2011
Sist oppdatert: 02.08.2018