Hopp til innhold
Bergsveinn Birgisson, fotografert i Helsingfors i Finland 29.2.2012. Foto: Seppo Samuli / norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.
Bergsveinn Birgisson, fotografert i Helsingfors i Finland 29.2.2012. Foto: Seppo Samuli / norden.org. CC BY-NC-SA 4.0.
X
Innhald

Bergsveinn Birgisson

Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og prislønt forfattar frå Island, lenge busett i Bergen. Han har skrive den første islendingesoga på 700 år, på norrønt.

Bergsveinn Birgisson er fødd 30. august 1971 i Reykjavík og vaks opp i Kópavogur. Han budde i Bergen frå 1999 til 2019, då han flytta tilbake til Island.

Ved Háskóli Íslands i Reykjavík fullførte han i 1997 ein BA-grad i islandsk og allmenn litteraturvitskap. Seinare tok han cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1999 og cand.philol.-graden ved Universitetet i Bergen i 2001, der han i 2008 disputerte til doktorgraden med avhandlinga «Inn i skaldens sinn. Kognitive, estetiske og historiske skatter i den norrøne skaldediktingen». 

Birgisson har arbeidd som forskar og forfattar. I oppveksten arbeidde han som fiskar i Vestfjordane på Island.

I 1992 debuterte han med diktsamlinga Íslendingurinn og gav sidan ut to andre diktsamlingar. Av ei rekkje romanar kan ein nemne Landslag er aldrei asnalegt frå 2003 (Soga om vêret, 2014) og Handbók um hugarfar kúa (Handbok om mentaliteten til kyr) frå 2009, som vel eigentleg handlar om mentaliteten til menneska. Han slo igjennom med romanen Svar við bréfi Helgu (Svar på brev frå Helga) som kom i 2010 (på norsk i 2012). Boka er også omskriven til skodespel, og stykket er sett opp i fleire land, mellom anna i Noreg.

Med sakprosaboka Den svarte vikingen (2013), som er bygd opp som ein spenningsroman, gjorde han stor suksess. Boka er sett om til mange språk. Her nøstar han opp historia til landnåmsmannen Geirmund Heljarskinn og gir han soga han aldri fekk. I 2016 skreiv Birgisson sjølve soga på norrønt, Geirmudar saga Heljarskinns. Jan Ragnar Hagland omsette soga til norsk (Soga om Geirmund Heljarskinn). I 2018 gav Birgisson ut romanen Lifandilífslækur (Reisen til livsvannet, på norsk i 2020).

I 2012 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar på brev frå Helga. Han fekk òg den islandske bokhandlarprisen for boka. I 2013 vart han nominert til Brageprisen for beste sakprosabok med Den svarte vikingen. Han vart dessutan av kong Harald 5. utnemnd til Riddar av 1. klasse av Fortenesteordenen for arbeidet som forskar og forfattar. Han har fått ei rekkje internasjonale prisar. For boka Lifandilífslækur vart han igjen nominert til Nordisk råds litteraturpris, for 2020.


Kjelder

E‑post frå Bergsveinn Birgisson 28.2.2020

 

Ottar Fyllingsnes: «Norrønamannen», intervju med Bergsveinn Birgisson, Dag og Tid 28.2.2020

Rita K. Klausen: «En meningsfull ambivalens. Møte med forfatteren Bergsveinn om romanen Svar på brev frå Helga». Nordnorsk magasin nr. 4/2013

 

Bergsveinn Birgisson, forfattaromtale, vigmostadbjorke.no: https://www.vigmostadbjorke.no/Forfattere/Bergsveinn-Birgisson [lesedato 26.02.2020]

Bergsveinn Birgisson, forfattarside, bokmenntir.is: https://web.archive.org/web/20120526105007/http://bokmenntir.is/desktopdefault.aspx/tabid-3396/6134_read-546/RSkra-546 [lesedato 26.2.2020]

Riksteatret: «Svar på brev fra Helga», omtale av teaterturné, riksteatret.no: https://www.riksteatret.no/repertoar/svar-pa-brev-fra-helga/

 

Peikarar

Cathrine Krøger: «Gudbenådet islandsk skald», bokmelding av Reisen til livsvannet, dagbladet.no, publisert 20.2.2020

Cathrine Krøger: «Langt mer erotisk enn 'Fifty shades'», bokmelding av Svar på brev frå Helga, dagbladet.no, publisert 1.10.2012

Immaterial Agents: «Bergsveinn Birgisson», forfattarside med oversikt over prisar, immaterial.no

Først publisert: 14.08.2020
Sist oppdatert: 15.08.2020