Hopp til innhold
X
Innhald

Bernhard Bolzano

Bernhard Bolzano, 1781–1848, var ein bøhmisk religionsfilosof og matematikar. I åra 1810–51 gav han ut ei rekkje arbeid i funksjonsteori.
 
Bolzano vert rekna for å vere den første som gav eit døme på ein kontinuerleg funksjon som ikkje er deriverbar i noko punkt. Hovudverket hans er Paradoxien des Unendlichen der han foregreip ei rekkje idear som vi dag reknar med til Cantors mengdelære.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.08.2012