Hopp til innhold
X
Innhald

Bernoulli

Bernoulli, sveitsisk matematikarfamilie som gjorde seg sterkt gjeldande i utviklinga av matematikken på 1600- og 1700-talet. Familien var opphavleg frå Nederland, men måtte reise frå landet på grunn av trusforfølging. Daniel Bernoulli, 1700–82, var i tur og orden professor i matematikk, anatomi, botanikk og fysikk. Det mest kjende verket hans er Hydrodynamica. Jakob Bernoulli, 1654–1705, var professor i matematikk i Basel. I Ars coniectandi (Kunsten å gisse) finst den vidgjete lova om store tal. Han skreiv òg ei avhandling om rekkjer, der han viste at den såkalla harmoniske rekkja divergerer. Johann Bernoulli, 1667–1748, professor i Groningen og Basel, arbeidde mellom anna med differensiallikningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012