Faktaboks

Bertrand Jensen

Jens Bertrand Jensen

Bertrand Vinner

Fødd
12. oktober 1863, Kristiania (no Oslo)
Død
11. november 1946, Jomfruland i Kragerø, Vestfold og Telemark

Bertrand Jensen var bokhandlar, forleggjar og gardbrukar. I 1890-åra var han ein av dei viktigaste forleggjaren for forfattarar som skreiv landsmål.

Bakgrunn

Jens Bertrand Jensen var fødd i Kristiania og døydde på Jomfruland i Kragerø i Telemark. Han voks opp i Fredrikstad. Han tok mellomskuleksamen og byrja på katedralskulen i Kristiania, men avbraut utdanninga på grunn av sjukdom. Seinare gjekk han i handelslære hos Robsahm & Co. i Kristiania og var eit par år i England for å lære språk og for å få meir merkantil utdanning. Attende i Fredrikstad gjekk han inn i manufakturforretninga til faren. I 1889 var han med og starta Venstre-avisa Fredrikstad Dagblad.

Opphavleg skreiv han namnet Jens B. Jensen. Som antikvariatshandlar og forleggjar skreiv han Bertrand Jensen. Seinare skifta han etternamn til Vinner. I dødsannonsen står det Bertrand Vinner.

Forlag, antikvariatet og månadsskrift

Jensen tok til å samle bøker i 12-årsalderen og hadde alt som gut ei samling på fleire hundre utgjevingar. Då han kom tilbake til Fredrikstad frå England, kjøpte han etter ei tid eit leigebibliotek med 1500 bøker usett. Han plasserte «Det Jensenske leiebibliotek» i etasjen over manufakturforretninga, men bøkene var i dårleg forfatning, og biblioteket mislukkast.

I 1891 kjøpte Jensen P. Omtvedts antikvariat i Pilestredet 5 i Kristiania, under namnet Bertrand Jensen. I 1893 tok han òg til å gi ut småskrifter, ofte med praktisk innhald. Same året gav han ut den første boka, Hans Selands Ei bergpreike. I åra som følgde kom det bøker også av andre forfattarar, både på landsmål og dansk-norsk. På dansk-norsk debuterte Nils Kjær hos Jensen, med Essays i 1895.

forleggjar Mons Litleré døydde i 1895, vart Jensen forleggjar for Rasmus Løland, og dei neste åra gav Løland gav ut nærmare 15 større eller mindre bøker hos Jensen. Andre landsmålsforfattarar hos Jensen var Ivar Mortensson-Egnund, Rasmus Steinsvik, Anders Vassbotn, Peter A. Skjeflo, Jørund Telnes, Kristen Stalleland, Sigurd Nesse, Lars Eskeland og Andreas Austlid.

Utgivinga av landsmålsbøker nådde eit høgdepunkt i 1897. Det året kom det 19 bøker på landsmål. Han gav ut nærmare 50 bøker på landsmål, i tillegg til bøker og skrifter på dansk-norsk. Fram til hundreårsskiftet vart han den forleggjaren som dei fleste landsmålsforfattarar vende seg til med bokmanus.

Sjølv om landsmålsbøkene etter kvart gjekk med underskot, voks antikvariatet, og vart på eit tidspunkt det største i landet. Jensen var også den første norske antikvaren som la vekt på sjeldsynte skrifter. Oskar Braaten arbeidde i bokhandelen frå 1896 og avanserte frå visargut til lagersjef. I 1899 selde han antikvariatet, heldt fram med forlaget, men gjekk konkurs i 1901.

I perioden 1893–1900 gav Jensen ut månadsskriftet Bogvennen. Det starta med eit opplag på 3000, som på slutten voks til 7500. Bladet hadde artiklar og notisar om bøker og forfattarar, boklister og meldingar frå bokhandelen. Det hadde ein del abonnentar, men det meste av opplaget gjekk gratis til bibliotek, lesesirklar, prestar, lærarar og dei som var registrerte som kundar hos Jensen.

Målsak

Alt frå 1880-åra hadde Jensen vore interessert i målsaka. I 1897 gav han anonymt ut skriftet Praktisk målstræv. Et opråb til målfolket af en målvenlig bygut. Skriftet var på dansk-norsk, og Jensen skreiv ikkje landsmål sjølv. I pamfletten, som var på 16 sider og var prenta i eit opplag på 5000, går han mellom anna inn for at målfolket må samle seg i ein landsomfemnande organisasjon, der medlemene skulle love å bruke landsmål etter beste evne i skrift. Medlemene skulle òg bruke dialekt, tilpassa landsmålet så langt som råd, i tale.

Som eit hjelpemiddel for dette formålet fekk han cand.mag. Halvdan Koht til å lage Norsk brevbok, som han gav ut i 1898. Boka har mønster for ulike typar brev og dokument og ei handelsordliste, og ho var i så måte eit nybrotsarbeid for landsmålet. Seinare gav Edvard Os ut ei liknande brevbok, som kom i fem utgåver i tida 1927–1958.

Gardbrukar og sauegjetar

I 1899 kjøpte Jensen ein gard på Hellerud i Østre Aker (no Oslo). Motlaus og vonbroten etter konkursen i 1901 reiste han i 1903 til New Zealand, der han det meste av tida var gjetar på ein sauefarm. I 1906 kom han heim til Hellerud att. Han utparsellerte eigedomen til bustadtomter og kjøpte ein gard på Tjøme, der han budde frå 1913 til 1925. Ei tid var han òg med i kommunestyre og formannskap. Frå Tjøme flytta han til Skåtøy ved Kragerø, og seinare budde han på Jomfruland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ernst Berge Drange: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007
  • Halvdan Koht: Norsk brevbok. Kristiania 1898
  • Olav Melkild: «Bertrand Jensen. Ein norsk nybrotsmann», Norsk Aarbok. Bergen 1931
  • Olav Myre: En antikvarbokhandler fra nitti-årene. Bertrand Jensen 80 år. Oslo 1943
  • Olav Myre: Oskar Braaten hos Bertrand Jensen. 1943
  • Edv. Os: Norsk Brevbok. Oslo 1927
  • Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Oslo 1987
  • Harald L. Tveterås: Den norske bokhandels historie, bd. 3. Oslo 1986
  • Jens Vevstad: Minner fra et gammelt Kristiania-antikvariat. Oslo 1943
  • Magne Aasbrenn: «Bertrand Jensen: Fredrikstad-guten som blei nynorskforleggar – og sauegjætar på New Zealand», i Ragnhild Lier og Eldbjørg Skaug (red.): Aust i Vika. Årbok for Østfold Mållag 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg