Hopp til innhold
Foto: Marthe A. Vannebo
Foto: Marthe A. Vannebo
X
Innhald

Bjarne Brøndbo

Bjarne Arnstein Brøndbo, norsk vokalist og frontfigur for popgruppa DDE.

Bjarne Brøndbo er fødd 19. september 1964 i Namsos. Han voks opp på Skage i Overhalla i Nord-Trøndelag, men bur no i Namsos. Store delar av yrkeskarrieren har han vore musikar, men han driv òg Namdal Bilopphuggeri.
Brøndbo starta bandkarrieren i Humanic (1978–1984), før han vart ein del av After Dark (1984–1991). After Dark var ein forløpar til det populære bandet DDE, som såg dagsens lys i 1992. Frå dette skiftet skulle alle songtekstane vere på norsk. Det er først og fremst gjennom rolla som frontfigur i DDE at Brøndbo har vunne status som ein folkekjær artist.
DDE har hatt stor suksess i Noreg, og med Brøndbo som vokalist har dei gitt ut tolv studioalbum og fire samlealbum. Bandet har i dag seks medlemer, mellom dei bror til Bjarne Brøndbo, Eskil, som spelar trommer.
Bjarne Brøndbo har òg prøvd seg på andre arenaer. Bjarnesanger (1999) var eit prosjekt med barnesongar. I 2002 kom han med soloplata Salmer på ville veier, der han tolkar kjende songar som han meiner burde ha vore med i salmeboka.
I 2003 hadde Brøndbo hovudrolla i musikalen Purpur og gull på Trøndelag Teater. Her tolka han songar av Åge Aleksandersen. Purpur og gull fekk Heddaprisen for beste oppsetjing i 2004. Brøndbo gav same året også ut soloalbumet Purpur og gull, med songar frå denne musikalen.
I tillegg til å vere ein framifrå vokalist trakterer Brøndbo trekkspel, piano, tamburin og munnspel.
Kjelder
Bjarne Brøndbo, presentasjon, dde.no, http://www.dde.no/bandet/Bjarne.html [lesedato 6.12.2011]
DDE, presentasjon, mediateket, rockheim.no,
Peikarar

Først publisert: 28.03.2012
Sist oppdatert: 29.10.2014