Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarte Birkeland

Bjarte Birkeland, professor i nordisk, kjempa for opplysningstanken og utbreiing av nynorsk språk og litteratur.

Birkeland var fødd i Fana i Hordaland 26. desember 1920 og døydde 7. april 2000. Han vart utdanna cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1948 og skreiv hovudoppgåve om Olav Duuns dikting. Han vart dr.philos. i 1962 på avhandlinga Per Sivle.
I 1948–1949 arbeidde han i NRK Dagsnytt og frå 1949–1950 ved Askim høgre skole. Frå 1950–1953 var han redaksjonssekretær i Syn og Segn og forlagssekretær i Det Norske Samlaget. Her var han den første med fast tilsetjing. Stillinga var på deltid. I desse åra arbeidde han òg deltid i Noregs Boklag.
Birkeland var tilsett ved Eidsvoll offentlege landsgymnas 1953–1969. Frå 1955 fekk han NAVF-stipend fram til 1958. 1960–1968 var han redaktør for tidsskriftet Syn og Segn. Birkeland var professor ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen 1969–1984.
I studietida var han formann i Studentmållaget og heldt fram med fleire verv, mellom anna kom han med i Opplysningsnemnda for norsk mål 1956–1960, vart styremedlem i Ivar Aasens Fond 1955, formann i nemnda for Ferd. Melsoms legat 1964 og hadde fleire verv i Norsk kulturråd. Birkeland var styremedlem i Det Norske Samlaget og heidersmedlem i 1979.
Birkeland hadde i det heile mange interesser, mellom anna folkedans og ungdomsarbeid.
Litteraturforskar og «bokmann» 
Birkeland var fagleg oppdatert og open for nye problemstillingar i litteraturforskinga. Bøkene om Duun og især Sivle nådde store lesargrupper, og avhandlinga om Per Sivle, utgitt første gong i 1961, har stadig høg status i Sivle-forskinga.
Birkeland var aktiv (med)redaktør og (med)forfattar. I 1953 redigerte Birkeland og Reidar Djupedal festskrift til Halvdan Koht på åttiårsdagen. Birkeland var medredaktør i Norske dikt frå Edda til i dag, første gong utgitt i 1960. Han var formann i redaksjonsnemnda for boka Det Norske Samlaget, som kom til hundreårsjubileet i 1968. Moderne nynorsk sakprosa 1970 redigerte han saman med Rolf Huus.
Birkeland skreiv om lyrikargenerasjonen frå Wildenvey til Henrik Rytter, og nyrealistiske nynorskforfattarar av vaksen- og barnelitteratur i det prestisjetunge verket Norges litteraturhistorie 1975.
Det tverrvitskaplege arbeidet Nazismen og norsk litteratur 1975 redigerte Birkeland saman med Stein Ugelvik Larsen. Nyutgåva tjue år seinare vart utvida. Atle Kittang og Leif Longum kom då med i redaksjonen. 
 
Birkeland var ein framifrå førelesar og formidlar. Han var flittig skribent i dagspresse og ulike tidsskrift.
 
Folkemål og danning
Nynorskforkjemparen Birkeland var i fremste rekkje. Viktig var pamfletten om sidemålsstilen i 1964. I tida han var forlagssekretær i Det Norske Samlaget, deltok han i utviklinga av lærebøker på nynorsk. Eit arbeid frå 1986 saman med Bjørn Nicolaysen Kvalsvik fekk tittelen Folkemål og danning. Nynorske lærebøker 18671915. Relasjonen danningsprosessar og språkleg identitet engasjerte Birkeland gjennom heile karrieren.
I redaktørtida for Syn og Segn (første året delte han oppgåva med Olav Midttun og det siste med Berge Furre) auka opplagstala sterkt. Birkeland gjorde Syn og Segn til eit respektert populærvitskapleg allmenntidsskrift og eitt av dei mest framgangsrike i europeisk målestokk i samtida.
Frå det «heimenorske» til verda
Eit av grepa han gjorde, var å tenkje nytt om å utvide målgruppa for tidsskriftet. Han fekk lærarskulestudentar og gymnasiastar med på abonnentlistene gjennom aktualisering og internasjonalisering av tema som var relevante for norskfaget. Artiklane av norske og utanlandske forfattarar frå ulike fagområde på høgt nivå var i eit eksemplarisk og lettfatteleg språk.
 
Fleire av artiklane måtte omsetjast. Birkeland var mellom dei som tok del i arbeidet, og her røper han spennvidda i dei mange interessefelta han hadde, anten han tok fatt i avantgardekomponisten Arnold Schönberg eller frigjeringsspørsmål i tredje verda.
Birkeland omsette òg bøker. I 1956 dels omarbeidde han underfundige og sarkastiske nissehistorier frå dei nordiske landa, redigert av danske Nis Pug (psevd.). Birkeland tok med fleire «heimenorske» nissehistorier, mellom anna av Arne Garborg, og tidlegare uprenta materiale frå Norsk Folkeminnesamling.
Same året gjorde Birkeland ei større bokomsetjing frå fransk som fekk tittelen Albert Einstein (med vitskapleg gjennomgang av Jon Ous) etter ei bok av Antonina Valentin.
 
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4. Oslo 1975
Bjarte Birkeland: Per Sivle. Oslo 1961 og 1962
Bjarte Birkeland ofl.: Det Norske Samlaget 18681968. Oslo 1968
Bjarte Birkeland: «Ein ny realisme. Grenda og verda», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4, s. 471–586. Oslo 1975
Bjarte Birkeland: «Den nye lyrikargenerasjonen», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4, s. 587–687. Oslo 1975
Bjarte Birkeland: Essay i utval. Med innleiing ved Idar Stegane og etterord ved Sveinung Time. Bibliografi ved Bjørn Nicolaysen Kvalsvik. Oslo 1986
Det Norske Samlaget 18681993. Jubileumskalender Oslo 1993.
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Bjørn Nic. Kvalsvik: «Ein bibliografi», i Bjarte Birkeland: Essay i utval. Oslo 1986
Nis Pug (psevd.): Nissehistorier. Illustrert av Gerda Nystad. København
Nis Pug (psevd.): Nissehistorier. Norsk og utvida utgåve ved Bjarte Birkeland. Med teikningar av Gerda Nystad og Knut Jørgensen. Oslo 1956
Idar Stegane: «Føreord». Innleiing i Bjarte Birkeland: Essay i utval. Oslo 1986 
Syn og Segn. 1960–1968, 1984
Idar Stegane og Einar Økland: «’Eg har vore norsk blad- og bokmann.’ Bjarte Birkeland i samtale med Idar Stegane og Einar Økland», i Syn og Segn, s. 169–182, 1984
Sveinung Time: «Den saklege personlegdomen». Etterord i Bjarte Birkeland: Essay i utval. Oslo 1986

Først publisert: 28.10.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013