Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Bue

Bjørn Bue, misjonær og biskop med sterkt engasjement for menneskeverd og kyrkjevekst.

Bjørn Bue var fødd på Sola 30. januar 1934 og døydde i Stavanger 13. april 1997. Han voks opp i ein bondefamilie, som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Frå heimen fekk han med seg ei sterk interesse både for praktisk arbeid og kristen misjon.
Bue tok examen artium ved landsgymnaset på Bryne i 1953. Det meste av teologistudiet tok han ved Misjonsskolen i Stavanger, og i 1960 vart han cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo. Saman med kona, lærar Else-Marie, f. Joa, vart Bue misjonær for Det Norske Misjonsselskap (NMS). Frå 1961 til 1979 arbeidde dei i Kamerun. Bjørn Bue engasjerte seg der i fleire landbruksprosjekt, og han leidde eit nasjonalt, fellesprotestantisk evangeliseringsprogram.
Etter at han kom tilbake til Noreg, gjekk Bue inn i presteteneste. Frå 1981 var han sokneprest i den nye Gand kyrkje i Sandnes. Saman med andre tilsette og frivillige bygde han opp eit aktivt kyrkjelydsarbeid med mykje vekt på bøn.
Frå 1985 til han brått vart sjuk og døydde i 1997, var Bjørn Bue ein aktiv og avhalden biskop – også langt utanfor Stavanger bispedøme. Nasjonalt hadde han sentrale verv i NMS, Den norske Lausannekomiteen og Mellomkyrkjeleg råd, og internasjonalt i sentralkomiteen for Verdskyrkjerådet.
Misjonsengasjementet med kamp mot fattigdom og undertrykking er bakgrunnen for «Bjørn Bues minneforelesing» ved Misjonshøgskulen i Stavanger. Der har ulike talarar kvart år sidan 2002 sett søkjelyset på menneskerettane.
Peikarar
Om Bjørn Bues minneforelesing ved Misjonshøgskulen i Stavanger

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013