Hopp til innhold
Björk Bjarkadóttir. Foto: Erik Krafft. Brukt med løyve frå Bjarkadóttir.
Björk Bjarkadóttir. Foto: Erik Krafft. Brukt med løyve frå Bjarkadóttir.
X
Innhald

Björk Bjarkadóttir

Björk Bjarkadóttir er forfattar, grafisk designar og illustratør av barnebøker. Bøkene hennar er kjenneteikna av fargerike og harmoniske illustrasjonar, som tek opp daglegdagse tema for dei unge lesarane.

Björk Bjarkadóttir er fødd 6. oktober 1971 på Island og bur no i Oslo. Ho har mastergrad i kommunikasjon, med faga grafisk design, fotografi og illustrasjon, frå Ecole Superieure d´Art Graphigue i Paris (1992–97). I perioden 2000–15 var ho sjølvstendig næringsdrivande som barnebokforfattar, illustratør og designar. Bjarkadóttir har designansvar for tidsskriftet Syn og Segn og har sidan 2015 arbeidd med grafisk design og kommunikasjon ved Blæst Design.

Forfattaren sine biletbøker sirklar kring viktige tema som venskap og kjærleik mellom foreldre og born. I teksten si veksling mellom humor og alvor medverkar illustrasjonane til ei kjensle av tryggleik og harmoni. Sidene er metta av handling, enkle strekar og sterke fargar i samspel. Bjarkadóttir er kommuniserande og ønskjer å aktivisere og engasjere lesaren.

Forfattaren debuterte med ei barnebok på islandsk i 1999 og har seinare gitt ut fleire barnebøker med eigne illustrasjonar. I 2007 gav ho ut dei første bøkene sine på norsk. Det var Mitt aller første atlas og ei ordbok og eit leksikon i same serien.

Mamma er best (2008) og Pappa er best (2008) er ei hylling av fedrar og mødrer – og kloke born. Olai tykkjer det er vanskeleg å finne seg til rette på mor sitt fang, fordi magen hennar veks og veks, medan Sofie erfarer at sjølv den morosame, sterke far hennar kan trenge litt hjelp av og til. Tullete Tolle og Ullster (2010) tematiserer òg relasjonen mellom foreldre og born. Når mor er sliten og vil ha fred, set Tolle og sauevenen hans, Ullster, alt inn på å få henne glad igjen.

Fleire av Bjarkadóttir sine bøker er òg gitt ut på andre språk, mellom anna russisk, egyptisk og engelsk. I tillegg til eigne bøker har ho illustrert og designa ei rekkje bøker for både norske og islandske forfattarar.

Kjelder

Nettsamtale med Björk Bjarkadóttir 19.4.2018

Forfattaren si heimeside, bjorkbarka.no: http://www.bjorkbjarka.no/ [lesedato 20.4.2018]

Forfatterkatalogen, bibliografi, forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/bjork-bjarkadottir/ [lesedato 20.4.2018]

Peikarar

Irene Garnes Hareide: «Björk Bjarkadóttir: Kom, la oss lage fest!», boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no 

Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 17.08.2018