Hopp til innhold
X
Innhald

Björk

Björk (eigentleg Björk Guðmundsdóttir), fødd 1965, er islandsk songar, komponist og skodespelar. Ho vart først kjend gjennom rockbandet The Sugarcubes, som slo gjennom med singelen Birthday (1987) og albumet Life’s Too Good (1988).
 
Björk debuterte som soloartist med Debut (1993). Dette var musikalsk sett eit svært spennande og eksperimentelt album som sende henne til topps på hitlister over heile verda.
 
I 1996 fekk ho Nordisk Råds musikkpris. Ho vart kåra til beste kvinnelege skodespelar ved Cannes-festivalen i 2000 for innsatsen i filmen Dancer in the Dark.
 
Foto:
Foto: "quicheisinsane" Flickr.com CC BY-NC-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.04.2014