Hopp til innhold
X
Innhald

Béla Bartók

Béla Bartók, 1881–1945, var ungarsk komponist og pianist. Bartók er rekna som grunnleggjar av den ungarske nasjonalmusikken. Saman med Kodály samla han og gav ut ungarske folkesongar. Hovudverka til Bartók er Konsert for orkester, tre klaverkonsertar og seks strykekvartettar. Elles skreiv han klavermusikk, mellom anna Mikrokosmos og For barn, songar og folkesongarrangement, Musikk for strengeinstrument, slagverk og celesta og operaen Riddar Blåskjeggs borg.
 
Foto: music2020 Flickr.com CC BY
Foto: music2020 Flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.04.2014