Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Børge Brende

Børge Brende, president i Verdas økonomiske forum og tidlegare utanriksminister.

Børge Brende er fødd 25. september 1965 i Odda i Hordaland og er oppvaksen i Trondheim. Han tok vidaregåande skule i 1981–84 og er cand.mag., med rettsvitskap, økonomi og historie i fagkrinsen, frå NTNU i Trondheim i 1997.
Brende var politisk rådgivar for stortingsgruppa til Høgre i 1986–87, økonomisjef i Brende-entreprenør AS i 1990–92, kommunalråd i Trondheim i 1991–97 og stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag i 1997–2009. Han var miljøvernminister i den andre regjeringa til Bondevik i 2001–04 og nærings- og handelsminister i 2004–05. I 2008–09 var han direktør i Verdsøkonomiforumet (WEF) i Genève, i 2009–11 generalsekretær i Raudekrossen i Noreg, og i 2011–13 administrerande direktør i WEF, før han blei utanriksminister i Noreg frå 2013. I 2017 gjekk han tilbake til Verdsøkonomiforument, denne gongen som president.
Han var aktiv i Unge Høgre i 1985–90, først som politisk sekretær, deretter som 1. nestleiar i 1986–88 og så leiar i 1988–90. I 1991–97 var han leiar for Høgres gruppe i Trondheim bystyre, og i 1994–98 var han 1. nestleiar i Høgre. Frå 1989 til 1997 var han varamedlem til Stortinget, før han  i 1997 vart fast stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag. Han har vore medlem av finanskomiteen og energi- og miljøkomiteen. I 2008 fekk han permisjon frå Stortinget for å arbeide i Verdsøkonomiforumet (WEF), noko som er uvanleg.
Brende har ein samlande stil og eit omfattande internasjonalt nettverk, og han er ein erfaren politikar som mellom anna vil arbeide for å betre forholdet mellom Kina og Noreg etter at kinesarane var kritiske til at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2011.
Han var nestleiar i Europarørsla i 1991–92, medlem av styret for Trondheim aktivum i 1992–95, leiar av styret for Villreinfangst som verdsarv i 2006–07, medlem av China Council (rådgivande miljøorgan for den kinesiske regjeringa) i 2005–13 og styremedlem i Statoil ASA i 2012–13.
Brende fekk Årets Markapris frå Noregs Naturvernforbund i 2003, «Gift to the earth» i 2003 frå World Wide Fund for Nature (WWF) som miljøvernminister, for arbeidet med å ta vare på dei norske korallreva, Biomangfaldprisen i 2004, Republikken Italias fortensteorden i 2004, den greske Føniksordenen i 2004, kommandør av St. Olavs Orden i 2005 og Sustainability Now-prisen i 2009.
Kjelder
Børge Brende, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=BJ%C3%98B [lesedato 18.10.2013]
Om Børge Brende på regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nn/dep/ud/Om-departementet/umin_bb.html?id=742868 [lesedato 18.10.2013]
Peikarar

Først publisert: 14.03.2014
Sist oppdatert: 20.10.2017