Faktaboks

Brita Bjørgum

Brita Josefsdotter Bjørgum

Fødd
11. mars 1858, Voss, Vestland
Død
16. januar 1906

Brita Bjørgum var ein norsk lærar og kvinnesakskvinne. Ho var mellom dei første kvinnesakskvinnene som skreiv på nynorsk.

Brita Bjørgum var fødd på Voss i Vestland. Ho tok den lågare lærarinneprøva i 1879 ved lærarinneskulen i Ølve i Sunnhordland og arbeidde sidan som lærarvikar på Voss.

Bjørgum var aktiv i det frilynde ungdomslaget. Ho kjempa for kvinnesak og kvinneleg røysterett, og ho var mellom pionerane blant dei kvinnelege nynorskskribentane. Produksjonen er liten: dikt, andre korte tekstar og ei lita bok, først trykt som framhaldsforteljing i Den 17de Mai. Boka kom ut 1895 under merket «Brita», med tittelen Kari Lidi.

Kvinneperspektivet i forteljinga om Kari Lidi er tydeleg. Bjørgum tematiserer mellom anna omsorgsarbeid og tek opp eit tabuområde som infertilitet. Men sjølv om ein kan ane kritikk av kjønnsrollene i bygdesamfunnet, er bodskapen langt på veg aksept av tradisjonelle verdiar og prega av eit kristent livssyn. Meir radikal er ho i Fedraheimen i slutten av 1880-åra, der ho, til liks med andre, tok til orde for republikk og talte småkårfolk si sak. Ein viktig faktor for framveksten av kvinnelege nynorskskribentar var elles bladet Unge Skud / Unglyden, der Bjørgum òg skreiv.

Bjørgum var interessert i tradisjonar og kledebunad. Ho leitte fram gamle mønster og kunnskap om gamle kunstsaumteknikkar i kvitsaum og perlesaum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jenny Arnesen: «Brita Bjørgum», Ung-Norig nr. 11/1919
  • Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Irene Engelstad ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989
  • Idar Stegane: «Nynorsk kvinnelitteratur», i Inger Lise Breivik ofl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Idar Stegane: «Kvinner i den nynorske litterære institusjonen», i Irene Engelstad ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2. Oslo 1989
  • Eli Bjørhusdal: «Kvinnekamp og bygdefeminisme kring 1905». 2005

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg