Hopp til innhold
X
Innhald

Brynjulf Bergslien

Brynjulf Bergslien, den fremste bilethoggaren i landet i si tid, gravør og siselør. Han var bror til kunstmålaren Knud Bergslien.

Brynjulf Bergslien var fødd på Voss 12. november 1830 og døydde i Kristiania 19. september 1898. Morbroren, Aad Gjelle, var ein kjend signetstikkar. Brynjulf byrja i lære som gravør og siselør, først i Bergen, seinare hos Tostrup i Kristiania, og arbeidde vidare i dette faget i København. Han vart elev ved Kunstakademiet i København og var assistent hos professorane Bissen og Jerichau. I 1861 busette han seg i Kristiania, der han dreiv eigen gravørverkstad.
Bergslien vann tevlinga om eit monument over Karl Johan og arbeidde med ryttarstatuen i åra 1868–1875. Statuen er plassert framfor slottet og vart avduka 7. september 1875 under stor festivitas, der kongefamilien var til stades. Monumentet vart hovudverket til Brynjulf Bergslien, særleg fekk han ros for utforminga av hesten. I 1875 vann Bergslien også tevlinga om eit minnesmerke over Kristian 4., men fekk likevel ikkje oppdraget med statuen. Derimot fekk han lage statuen av Henrik Wergeland som står på Eidsvolds plass i Oslo, og statuar av P.Chr. Asbjørnsen og Johannes Brun, dessutan mange byster av norske diktarar og politikarar.
Brynjulf Bergslien var riddar av St. Olavs Orden.
Kjelder
Glenny Alfsen: «Brynjulf Bergslien», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
Magnus Dagestad: Dei tre Bergsli-kunstnarane. Voss 1945

Først publisert: 28.04.2010
Sist oppdatert: 22.04.2014