Hopp til innhold
X
Innhald

Charles Babbage

Charles Babbage, 1791 eller 1792–1871, britisk matematikar som var ein av pionerane for utviklinga av automatiske reknemaskiner. Han konstruerte ei mekanisk reknemaskin og utvikla planar for ei holkortmaskin. Prinsippa hans har hatt mykje å seie for utviklinga av datateknologi. Ein av grunnleggjarane av Analytical Society (1815) og British Association for the Advancement of Science (1831).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012