Hopp til innhold

Christian Botha

Christian Botha, lærar, forfattar og språkpolitikar. Han stod midt i språkstriden i slutten av 1930-åra, då Stortinget vedtok nye rettskrivingsreglar, som skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.

Christian Botha var fødd 12. mai 1888 i Flosta, som no er ein del av Arendal, og døydde 30. april 1955. Han tok eksamen ved Kristiansand offentlege lærarskule i 1909 og arbeidde sidan som lærar både der i byen og ymse andre stader, før han flytte med familien til Kristiania. Her heldt han fram i læraryrket og engasjerte seg politisk, som medlem av bystyret for Høgre. Botha arbeidde mellom anna aktivt for symjesaka og heldt mange kurs i symjeopplæring.

Botha var eit skrivande menneske. I 1915 fekk han gitt ut diktsamlinga Personer og stemninger, med tekstar både på nynorsk og bokmål. Seinare tok han ei klar stilling i målsaka, som ein av dei fremste leiarane for riksmålsrørsla. Botha var i mellomkrigsåra leiar både i Lærernes Riksmålsforening og i Oslo Riksmålsforening. Han heldt mange foredrag og hadde ofte innlegg i avisene, særleg om målsaka.

Han engasjerte seg sterkt mot den nye bokmålsrettskrivinga frå 1938, som gav talemålet ei sterkare stilling. Under andre verdskrigen var han med i NS-regjeringa sin rettskrivingskomité, noko som gjorde at han vart suspendert frå arbeidet som lærar etter krigen. I den påfølgjande rettssaka fekk Botha kritikk, men han vart likevel frifunnen og fekk tilbake stillinga si.

 

Kjelder

Arne Tjelle: «Rettskrivinga av 1941. Bakgrunn, politisk spel og ideologisk analyse», Nordica Bergensia nr. 2/1994

 

«Fanatiske bokmålsfolk gjorde samlag med N.S. for å velte 1938-rettskrivinga», Norsk Tidend 6.11.1947. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://www.nb.no/items/86df59766fdf13f2e48f3ed822ef45cd?page=0

Hjalmar Steenstrup: Hvem er Hvem? Oslo 1930. Digital utgåve Projekt Runeberg, runeberg.org: http://runeberg.org/hvemerhvem/1930/0061.html [lesedato 8.1.2020]

 

Peikarar

Chr. Botha: Personer og stemninger. Risør 1915. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Språkrådet: «Ny rettskrivning 1938», sprakradet.no

Først publisert: 29.10.2020
Sist oppdatert: 29.10.2020