Faktaboks

Dagmar Blix
Fødd
28. september 1900, Hol (no Vestvågøy), Nordland
Død
3. april 1984

Dagmar Blix var ein norsk lærar og forfattar frå Lofoten. Ho skreiv over 20 bøker, mest for barn og ungdom, og er rekna som ein av dei sentrale barnebokforfattarane i Nord-Noreg. Forankra i ein eldre forteljartradisjon ville ho formidle dei fortidige livsvilkår på kysten i nord til ein ny generasjon.

Blix var fødd i Hol (no Vestvågøy) i Lofoten. Etter folkeskulen og eitt år på Vågan folkehøgskule tok ho eksamen ved Tromsø lærarskule i 1922. Frå 1923 arbeidde ho som lærar i folkeskulen i Stamsund i Lofoten gjennom 40 år.

48 år gammal debuterte ho med Prinsesse Gullhjarte og andre eventyrspel (1948). I alt vart det seks bøker med dramatiseringar av eventyr. I den første forteljingsboka, I fjell og fjære (1966),skildra ho som i fleire av dei seinare bøkene sitt eige barndomsmiljø. Ho skreiv òg samtidsskildringar for barn og ungdom. Dei fleste barnebøkene hennar kom i den store blømingstida for nordnorsk litteratur på 1970-talet.

Ho har gitt ut to diktsamlingar. Den første, Vargtid (1961), var ei samling dikt frå krigsåra. I Eg elskar livet (1976) skreiv ho om naturen og kjærleiken.

Dagmar Blix gjorde ein stor innsats med å samle og gi ut folkeminne frå Lofoten. Dette tradisjonsstoffet har ho formidla i Draugen skreik (1965) og Gamle Lofoten (1975) og i fleire kulturhistoriske artiklar. Ho var aktiv bidragsytar til Norsk Målførearkiv ved Universitetet i Oslo.

Engasjementet hennar for målsaka bygde på ei tenking om at nynorsken låg nærmare den nordnorske dialekten enn bokmålet. Ho skreiv nynorsk med nærleik til lofotdialekten, og det tente til å styrkje miljøskildringane hennar.

Gjennom åra heldt ho ei rekkje radiokåseri i NRK, og ho skreiv og framførte mange prologar og festtalar ved ymse høve. Høvesdiktinga hennar var òg viktig for den posisjonen ho fekk.

I 1977 fekk Dagmar Blix som den første kulturprisen frå Vestvågøy kommune. I 1979 vart ho tildelt Blixprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 1. Stavanger 1966
  • Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
  • Gudmund Hovdenak: Nordnorsk barne- og ungdomslitteratur. Tromsø 1989
  • Lófotr. Årbok for Vestvågøy historielag. 1981
  • Finn Stenstad: Fram fra de hundrede mile. Nordnorsk litteratur fra 1945 til 1992. Oslo 1992
  • Dag Sørli: «Ho Dagmar i Storfjorden», Lofotboka 1979

Faktaboks

Dagmar Blix
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003878193

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg