Hopp til innhold
David Bowie. Foto:"quicheisinsane"Flickr.com CC BY-NC-ND
David Bowie. Foto:"quicheisinsane"Flickr.com CC BY-NC-ND
X
Innhald

David Bowie

David Bowie var musikar, vokalist, komponist, skodespelar og biletkunstar. Bowie sprengde sjangergrenser i musikk med sterke scenepersonlegdomar i figurar som Ziggy Stardust, Aladdin Sane, The Thin White Duke og Major Tom.

David Bowie (David Robert Jones) vart fødd 8. januar 1947 i London og døydde 10. januar 2016.

Bowie var musikar, vokalist, komponist, skodespelar og biletkunstar. Han platedebuterte med albumet «David Bowie» i 1967 og gav til saman ut 26 album. Den siste plata, "Blackstar" kom ut berre to dagar før han døydde. David Bowie sprengde sjangergrenser i musikk med sterke scenepersonlegdomar i figurar som Ziggy Stardust, Aladdin Sane, The Thin White Duke og Major Tom.

Musikken hans hadde surrealistiske trekk med preg av science fiction, som i ein av dei mest populære songane hans, «Space Oddity» frå 1969, og han nytta visuelle, pantomimiske verkemiddel. Frå 1980-åra fekk musikken hans ein breiare appell.

I løpet av ein 40 år lang karriere hadde Bowie ei rekkje hits, mellom anna «Ashes to Ashes», «Heroes», «Life on Mars», «Let's Dance» og «Starman». Bowie hadde eit stort publikum.
"Her er Life On Mars" (1971):


Bowie har elles hatt fleire filmroller, og han fått merksemd som biletkunstnar.


Den siste plata til David Bowie kom ut berre to dagar før han døde. Sjå videoen til "Blackstar" under:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 08.03.2016