Hopp til innhold
X
Innhald

Den heilage Birgitta

Den heilage Birgitta, 1303–73, er ein svensk helgen. Etter at ektemannen døydde, opplevde Birgitta openberringar og kjende seg kalla til å vere talerør for Gud. I 1370 fekk ho løyve frå paven til å grunnleggje eit kloster i Vadstena: Birgittinarordenen. Birgitta vart kanonisert i 1391. Openberringane hennar er eit høgdepunkt i svensk mellomalderlitteratur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012