Hopp til innhold
X
Innhald

Donato Bramante

Donato Bramante, ca. 1444–1514, var italiensk arkitekt, målar, poet og musikar.

Frå 1499 verka han i Roma og innleidde høgrenessansen med den vesle kuppelbygningen Il Tempietto (1502). Bramante bygde også for pave Julius II. Han står mellom anna bak Belvederegarden i Vatikanet og la fram planen for den nye Peterskyrkja med stor sentralkuppel i 1506. Bramante leidde dessutan reisinga av kyrkja fram til han døydde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016