Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Beyer

Edvard Beyer, 1920–2003, var litteraturhistorikar og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1958.

Edvard Beyer var formann i Norsk Kulturråd i åra1978–86 og redaktør for Edda i perioden 1962–72. Han gav mellom anna ut Hans E. Kinck; livsangst og livstro I–II (1956 og 1965), Hamsun og vi (1959) og Utsyn over norsk litteratur (1967). Beyer var redaktør for litteraturhistorieverket Norges litteraturhistorie 1–6 (1974–1975) og medredaktør for Verdens litteraturhistorie 1–12 (1971–1974). Han reviderte og omarbeidde nye utgåver og opplag av Harald Beyers Norsk litteraturhistorie (1952) og står som medforfattar av verket. Han har òg skrive første bandet av Norsk litteraturkritikks historie, som dekkjer åra 1770–1848.

Først publisert: 16.09.2016
Sist oppdatert: 16.09.2016