Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Benediktsson

Einar Benediktsson, 1864–1940, var islandsk lyrikar og embetsmann, ein nyromantikar. Benediktsson var kosmopolitt, men dyrka det nasjonale og sysla mellom anna med store planar om vasskraftutbygging og industrireising på Island. Han debuterte med Sögur og kvæði i 1897. Benediktsson gav ut til saman fem diktsamlingar og omsette Peer Gynt (Pétur Gautur) til islandsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012