Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Bruhjell

Eirik Bruhjell gjorde ei dannings- og klassereise frå husmannsson til prost. Før han gjekk inn i prestetenesta, var han folkehøgskulelærar og aktiv målmann.

Bruhjell var fødd i Balestrand 2. desember 1853 og døydde 12. september 1941. Frå 13-års-alderen var han tenestegut hos sokneprest Harald Ulrik Sverdrup og fekk samstundes privatundervising på prestegarden. Etter lærarutdanning og praksis fleire stader på Vestlandet vart han student i 1877 og cand. theol. i 1881. Frå 1882 til 1885 var Bruhjell lærar ved Jakob Sverdrup sin folkehøgskule i Sogndal, og dei vart svograr då han i 1889 gifta seg med Karoline Sverdrup.
 
Etter søknad frå Det Norske Samlaget og med tilråding frå statsråd Elias Blix diskuterte Stortinget i 1885 å løyve midlar som skulle brukast til å sende Bruhjell rundt i landet med landsmålsopplysing. Framlegget vart nedrøysta, men Samlaget leigde han av eigne midlar for ein kortare periode. Sommaren 1886 redigerte Bruhjell avisa Fedraheimen.
 
Eirik Bruhjell omsette Ei syndetavle (1887) og Barnesogur (1891) frå dansk og engelsk. I prestetida si preika han nokre gonger på nynorsk. Han var stiftskapellan i Hålogaland frå 1886, res.kap. i Kinn frå 1889, sokneprest i Stod frå 1898 og i Fjære frå 1912 til han gjekk av i 1923.

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018