Hopp til innhold

 Eli Bjørhusdal. Foto: sjølvi.
Eli Bjørhusdal. Foto: sjølvi.
X
Innhald

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal, målkvinne, skribent og forskar. Ho har mellom anna forska på norsk språkpolitikk.

Bjørhusdal er fødd 28. februar 1972 og kjem frå Jostedalen i Luster. Ho er utdanna  ved Universitetet i Oslo med med nordisk hovudfag (2000) og doktorgrad (2014).
 
I hovudfagsoppgåva Målkvinner før 1900 argumenterer ho for at målrørsla på eit tidleg stadium utvikla praktisk kvinnepolitikk, og at det fanst eit nettverk av målfeministar. Etter å ha arbeidd som lektor i grunnskulen og vaksenopplæringa i Luster kommune vart ho i 2005 tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
 
I 2014 disputerte Bjørhusdal med avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885-2005. Avhandlinga er det fyrste større vitskaplege arbeidet om norsk statusplanlegging for nynorsk og bokmål.
 
Bjørhusdal har vore sterkt engasjert i målrørsla og har vore nestleiar både i Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Ho har vore skribent i Klassekampen og Sogn Avis og er ein aktiv bloggar. Ho har markert seg i debatten om framtida til bygde-Noreg og var i 2007 medlem av tenketanken til fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane, som skulle greie ut strategiar mot sentralisering og fråflytting frå distrikta.
 
Peikarar
Høgskulen i Volda, «Kvinnene i målstriden»
Høgskulen i Sogn og Fjordane, om Eli Bjørhusdal 
 
 

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 25.09.2014