Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Berdal

Elias Petersson Berdal, bedriftsleiar. Han var ein av dei fremste økonomane i målrørsla før 1940, og ingen enkeltperson hadde meir å seie for utviklinga av nynorsk handelsspråk i første halvdel av 1900-talet.

Berdal var fødd i Norddal 1. februar 1883 Norddal og døydde 10. mai 1971. Han tok eksamen ved Elverum lærarskule i 1905 og arbeidde så som lærar og forsikringsagent. Det meste av det yrkesaktive livet sitt arbeidde han i forsikringsselskapet Andvake. Han var underdirektør frå 1917, direktør 1919–54 og styremedlem til 1964.
 
Gjennom Andvake gjorde Berdal svært mykje for bruk av nynorsk i næringslivet. Han var styreformann i Det Norske Teatret 1920–23, formann i Norsk Måldyrkingslag 1950–57, rådsmedlem i Norsk Allkunnebok 1945–66 og rådsmedlem i Noregs Bank 1939–42.
 
For eitt omfattande samarbeid med Island blei Berdal utnemnd til riddar av Islands Falk.
 
Oppvekst og utdanning
Som eldst av 14 born voks han opp i Tafjord på Sunnmøre. Berdal ville bli sjømann, men i staden drog han til mellomskulen på Voss, nokså nær Tysnes, der foreldra då budde. Etter examen artium i Bergen i 1902 og første avdeling ved Krigsskulen 1903–04 tok han andreeksamen i Kristiania hausten 1904 og eksamen ved Elverum lærarskule 1905.
 
Som lærar arbeidde han først eit år ved framhaldsskulen i Alvdal, før han drog vidare til Lillehammer. Her arbeidde han som forsikringsagent for Andvake i Gudbrandsdalen, men i 1915 gjekk dette laget inn.
 
Andvake
Med ein aksjekapital på 300 000 kroner blei Livstrygdelaget Andvaka nyskipa våren 1917. I nær førti år arbeidde han i selskapet. I heile hans tid kunne selskapet syne til gode driftsresultat. Andvake voks seg stort ved å spare, og i 1950-åra forvalta selskapet ein trygdesum på om lag 150 mill. kroner. Ti år seinare hadde summen auka til 370 mill. kroner.
 
Som ein del av ekspansjonen etablerte Andvake i 1920 avdelingskontor på Island. I 1949 blei dette avdelingskontoret eit sjølvstendig selskap, Liftryggingsfelagid Andvaka. For det nære samarbeidet med Island blei Elias Berdal utnemnd til riddar av Islands Falk.
 
”Livet er interessant, av di det er vanskeleg,” skreiv han som 50-årsjubilerande student i 1952. Som direktør var han både bedriftsleiar og lærar, pedagog og økonom. Han gjekk for å vere streng, men rettskaffen, og kom tett på dei tilsette, som han var dus med i ei tid då ein bedriftsleiar enno skulle halde språkleg De-avstand.
 
Frå første stund var Andvake eit selskap med nynorsk som administrasjonsspråk. Det har sett spor etter seg i ordbøkene. Gjennom Andvake blei ord som ”søknad” for ”andragelse” eller ”ansøkning” vanleg også på bokmål.
 
Skyttarlag og målrørsle
Røynslene frå Krigsskulen tok Berdal vare på i eit årelangt arbeid for skyttarlaga. Også andre frivillige organisasjonar, som turnlag, songlag og lærarlag, fekk merke den smittande entusiasmen hans. Enno var det mykje fritid att, og den brukte han gjerne på målrørsla. I tillegg til åra som styreformann ved Det Norske Teatret 1920–23styremedlem 1937–46. Han styrte Hulda Garborgs stipendfond 1923–65, var styremedlem i Noregs Mållag 1934–39 og formann i Norsk Måldyrkingslag 1950–57.
 
I Umbodsmannalaget Trygd gav han ut julehefte 1911–21. Same utgivaren stod også bak fødselsdagboka Aarmálsdagar (1923), prenta i 20 000 eksemplar og laga av Th. Lerdal og Elias Berdal etter forarbeid av Olaf Hanssen. Denne røynsla som publisist kom vel med då han i 1945 gjekk inn i det fleire tiår lange vervet som rådsmedlem for oppslagsverket Norsk Allkunnebok.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: «Elias Berdal», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 25.05.2009
Sist oppdatert: 22.05.2013