Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Berge

Elias Jakob Berge, teolog og generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge var notbasen frå Sunnmøre som vart prest og ein viktig pioner i norsk nødhjelpsarbeid.

Elias Berge var fødd 3. januar 1922 i Herøy på Sunnmøre og døydde 25. juni 1998. Etter folkeskulen byrja han som fiskar og vart notbas på eiga skøyte. Men etter ei omvendingsoppleving i krigsåra bestemte han seg for å verte prest og tok cand.theol.-eksamen ved Menighetsfakultetet i 1952. Han byrja som sekretær i Indremisjonsselskapet, og etter to år vart han hjelpeprest i Ål i Hallingdal. I 1961 bar det til Sao Paulo i Brasil som prest i den skandinaviske kyrkjelyden der.
I 1966 vende Berge attende til Noreg og vart generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge medverka til å vitalisere organisasjonen, som i hans tid opplevde ein sterk ekspansjon. Frå 1966 til 1969 auka gåveinntektene frå 3 til 18 millionar kroner. Elias Berge vart særleg kjend for innsatsen under Biafra-krisa i slutten av 1960-åra. Han stod fram i fjernsynet med sterke appellar om hjelp, og det vart sett i gang innsamlingsaksjonar over heile landet. Biafra-krigen vart det store gjennombrotet for Kirkens Nødhjelp. Men Berge måtte òg tole kritikk for ein til dels ukonvensjonell arbeidsstil. I 1973 gav han seg som generalsekretær.
Han gjekk attende til prestetenesta og vart sokneprest i Sofienberg i Oslo i 1973. Frå 1979 og til han gjekk av med pensjon i 1988, var han sokneprest i Jeløy. Som pensjonist var han fritidsfiskar med eigen sjark. For den store innsatsen i nødhjelpsarbeidet vart Elias Berge utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1974.
Kjelder
Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening, Oslo 1990
Aud V. Tønnessen: Kirkens Nødhjelp. Bistand, tro og politikk. Oslo 2007
Per Voksø: «Elias Berge», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 05.06.2013