Hopp til innhold
X
Innhald

Elin Margrethe Brodin

Elin Margrethe Brodin, fødd i 1963 i Oslo, er forfattar. Ho er sterkt sivilisasjonskritisk. Brodin debuterte i 1983 med romanen Morgen i aftenlandet.

Elin Margrethe Brodin, fødd i 1963 i Oslo, er forfattar. Ho er sterkt sivilisasjonskritisk og debuterte i 1983 med romanen Morgen i aftenlandet. Ho har vidare skrive romanane Den krydrede vin (1985), Ulvinnen (1986), Askefolket (1988), De vises sten (1989), Drager i blodet (1990), Bedøvelse (1991), Den europeiske dødebok (1992), Skade (1994), Madonna med barn (1996), Farvel, Babylon (1998) og Unaturlig (1999). Brodin skriv òg barne- og ungdomsromanar, til dømes Kjære Timo (1989) og Jaspis – Landet bortenfor (2005).

I 1997 fekk ho Livsvernprisen av organisasjonen Menneskeverd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 21.04.2016