Hopp til innhold
X
Innhald

Else Karin Bukkøy

Else Karin Bukkøy, barnevernssjef og forfattar som skriv noveller, romanar og ungdomsbøker.

Else Karin Bukkøy er fødd i Os i Hordaland 27. juni 1950 og er busett i Stavanger. Ho har arbeidd med barnevern og flyktningar sidan slutten av 1970-åra, har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland (1989), har mellomfag i pedagogikk (1993) og arbeidde ein kort periode som journalist i Os- og Fusaposten. Ho er utdanna barnevernspedagog ved Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Stavanger (1995–99) og tok mastergrad i barnevern ved Universitetet i Bergen (2009). Bukkøy var fritidsklubbleiar i Os kommune frå 1983 til 1990, då ho vart flyktningekonsulent og kurator i same kommunen. Frå 1993 til 1998 var ho milhøterapeut i Fylkesbarnevernet i Rogaland og leiande miljøterapeut på Sentrum ungdomsbase 1999 til 2000. Frå 2000 til 2004 var ho avdelingsleiar for psykiatrisk avdeling for barn og unge ved Universitetssjukehuset i Stavanger. Frå 2004 til 2014 arbeidde Bukkøy som barnevernskonsulent i Time kommune, 2006–2013 som barnevernsjef same sataden. Frå 2013 har ho drive sjølvstendig som barnevernfagleg rådgivar.

Bukkøy debuterte i 1987 med romanen Centimeterstriper av dagslys. Fram til 1998 gav ho ut sju bøker, mellom anna romanane Mellom Jan og Marita (1988), Ut (1989) og Klaus (1993). 

Ungdomsromanen Sara (1995) er ei medfølande bok om familiekrise, løyndomar og einsemd.

I novellesamlingane Soldagen (1991) og Krusningar i landskap (1998) skriv ho i eit personleg tonefall om psykisk sjukdom, livsfasar, slekts- og kjærleiksforhold og disharmoni mellom menneske. Ho medverka òg i antologien Heltane er mette (1996), som inneheld noveller for ungdom.

Som dramatikar debuterte ho ved Rogaland teater i 1998 med einaktaren Selvsagt elsker vi våre mødre. Bukkøy bruker begge målformer.

Kjelder
Else Karin Bukkøy, bibliografi, Bergen Offentlige Bibliotek/ vestlandsforfattare, bergenbibliotek.no, sist oppdatert 29.9.2010, http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforfattere/presentasjon-av-forfatterene/bukkoy [lesedato 15.4.2011]
«Intervju med Else Karin Bukkøy», Bergen Offentlige Bibliotek/ vestlandsforfattare, bergenbibliotek.no, sist oppdatert 21.9.2010, http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforfattere/intervju-med-vestlandsforfattere-1/bukkoy-interv [lesedato 15.4.2011]

Linkedinprofi: "Else Karin Bukkøy", https://www.linkedin.com/in/el... [lesedato 11.4.2018]

Først publisert: 15.04.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018