Faktaboks

Embrik Beitohaugen
Fødd
14. september 1893, Øystre Slidre, Innlandet
Død
27. juli 1963

Embrik Beitohaugen var ein spelemann frå Valdres, kjend for tradisjonsspel på hardingfele.

Bakgrunn

Embrik Beitohaugen, opphavleg døypt Engebret, var fødd på garden Beitohaugen i Øystre Slidre i Valdres i Kristians amt (no Innlandet). Embrik var son av den kjende spelemannen Nils Beitohaugen. I tillegg til felespel fekk han opplæring i gardsdrift og smiing, som han i hovudsak livnærte seg av. Embrik Beitohaugen vart aldri gift og hadde ingen etterkomarar.

Folkemusikken

Beitohaugen spela inn rundt 70 slåttar. Dei som har studert desse slåttane forklarer at dei er kjennemerke av stødige fingar og blaute prillar (ein type grep der ein legg fingrane over strengene, i motsetning til klassisk «seting»), drivande gode hallingar og springarar med tydelege ristetak.

I eit utdrag frå avisa Valdres 23. mars 1946 er spelet hans omtalt som «mjukt, reint og inspirerande. Ein fin samklang av natur og folkelynne.» Det er fortalt at han var svært oppteken av å bere tradisjonsspelet etter faren og andre vidare. Utviklinga mot samtidsmusikk kjendest heller sårt for han.

Beitohaugen kunne vise til andreplass i noregsmeisterskapen i hardingfelespel i Oslo i 1931. Han var med på fleire kappleikar og spela i Folkemusikkhalvtimen i radio. Det er òg kjent at han spela på ein stor bygdekveld for telemarkingar og valdrisar i Oslo i 1946, med over 500 menneske til stades. Embrik Beitohaugen var elles flink til å underhalde og spele for folk i heimbygda Øystre Slidre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nils Tørto: «Spelemennene på Beitohaugen – Nils og Embrik», Verne-Vøla, 1985
  • Nils Tormod Tørto: «Embrik Beitohaugen», Årbok for Valdres, 2013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg