Hopp til innhold
X
Innhald

Emil Boyson

Emil Boyson, 1897–1979, var forfattar og først og fremst lyrikar. Han debuterte i 1927 med romanen Sommertørst. Debuten som lyrikar kom i 1934 med Varsler og møter. Vidare kom mellom anna Gjemt i mørket i 1939, Sjelen og udyret i 1946 og Gjenkjennelser i 1957.
 
Boyson var inspirert av franske symbolistar og moderne lyrikarar som Yeats, Eliot og Pound. Han var ein av dei ypparste lyrikarane i Norge i samtida. Boyson var òg ein fin omsetjar av engelsk, tysk og fransk lyrikk. Han fekk Kritikarprisen i 1957 og kunstnarløn frå 1958.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 16.05.2013